Undersøkinga viser at heile 63 prosent av dei som svarte på undersøkinga i aldersgruppa 15 til 24 planlegg å sove ute i sommar. I aldersgruppa 25 og 39 har 54 prosent tenkt å sove ute.
– Det er gøy at så mange planlegg å pakke soveposen i ferien. Vi er derimot ikkje overraska over tala – det enkle friluftslivet er ein viktig del av feriekulturen som framleis står sterkt, seier Lasse Heimdal, generalsekretær i Norsk Friluftsliv.
Han oppmodar vidare alle som skal telte eller sove ute i sommar om å rydde opp etter seg og ta med søpla heim.
Skal du sove ute i sommar?
Skal du sove ute i sommar?
Les også saka: Fleire og fleire trivst i hengekøye: – Deilig å vere her ute
