Eg snakkar sjølvsagt om «Circle Of Life». Den svulstige sviska av ein låt frå Disney-klassikaren «Lion King» som i år får sin velfortente renessanse.
Den afrikanske morgonsola skal igjen puste varm savanneluft over skuldra vår. Medan vi leikar bavian og løftar vår utvalgte Simba opp i lufta. Mot himmelen. Til folket.
Ikkje sei at du aldri har gjort det. Eg trur ikkje på deg uansett.
Det brusar i oss alle.
GÅSEHUD! Ja, det er det eg får. Særleg når songen har kome fram til dette:
But the sun rolling high.
Through the sapphire sky.
Keeps great and small on the endless round.
For då berre veit eg kva som skal skje. Vi ventar på klimakset. Der bavianen Rafiki tek noko seigt og raudt over panna på Simba. Løfter han opp og viser han fram til dyra. Mot himmelen. Og refrenget dundrar over oss, og vi kjenner bruset av det optimale refreng.
It’s the circle of life
And it moves us all
Through despair and hope
Through faith and love
Till we find our place
On the path unwinding
In the circle
The circle of life

Her kjem ei løve, pappa
Men, tilbake til start. Til sjølve opninga, som dei fleste sikkert har gaula til. Eller er du ein av dei som har kviskra dei eksotiske orda mjukt inn i øyret på din utvalde dansepartnar?
Veit du kva orda betyr? Orda som etter mi fonetiske memorering høyrest slik ut: Na sevanja gabagitibbava.. venja… osb.
Eit raskt google-søk viser at det visstnok er Zulu du har prøvd deg på. Og det du kanskje har kviskra eller gaula i øyret på din kjære er ikkje av det romantiske slaget. Du har nemleg sagt: «Her kjem ei løve, pappa – oh, ja! Det er ei løve»
Nants ingonyama bagithi baba [Here comes a lion, Father]
Sithi uhm ingonyama [Oh yes, it’s a lion]
Nants ingonyama bagithi baba [Here comes a lion, Father]
Sithi uhm ingonyama [Oh yes, it’s a lion]
Ingonyama [It’s a lion]
Siyo Nqoba [We’re going to conquer]
Ingonyama Ingonyama nengw’ enamabala [A lion and a leopard come to this open place] (repeats)
Ringen er slutta
I år sluttar ringen på eit vis. Når Beyoncé og gjengen atter ein gong tek oss tilbake til savannen og dei ville dyra og ikkje minst hakuna matata!
Fekk du lyst til å høyre songen no? Sjølvsagt. Ver så god:
Har du noko på hjarta? Skriv til oss på framtida @ tips.no!