Kva les du i sommar?

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Innsirkling – Carl Frode Tiller

Bokomslag: Aschehoug

Eg har endeleg starta på Innsirkling-trilogien av Carl Frode Tiller og skjønar ikkje kvifor eg ikkje har gjort det før! Eg elska det frå femte side (sånn cirka). Den største gleda er når ein finn gode bøker som gjer at det ikkje tek slutt på siste side.

Apropos bøker som ikkje tek slutt, så har eg framleis nokre sider igjen av Om høsten av Karl Ove Knausgård, som eg les i så små dosar som mogleg for å ikkje bli ferdig. Her er så mange fine og store funderingar over kvardagslege ting. Perfekt hengekøyelektyre!

Andrea Rygg Nøttveit

Bokomslag: Samlaget

Ikkje tenk på det – Olaug Nilssen

Eg har halde på med skriving av mi eiga bok så lenge, og har ikkje lese noko anna enn mitt eige manus. Men no er eg endeleg tilbake igjen. Den fyrste boka (satiren) blir nok Olaug Nilssen med Ikkje tenk på det. Og så har eg tenkt å lese Ingvild Schade sin nye roman Bergverket som verkar spanande. Og så skal eg lese Når landet mørknar av Tore Kvæven. Den har eg høyrt så mykje bra om.

Det er ofte veldig tilfeldig kva eg les. Som regel er det bøker eg har fått i gåve, eller bøker frå mamma sitt nattbord som eg grabbar til meg når eg er på besøk hos ho.

Christian W. Gjerde

Mythos – Stephen Fry

I sommar skal eg lese alle bøkene eg har hatt liggande uopna på nattbordet dei siste månadane (om eg skal vere heilt ærleg: dei siste åra).

Først ut er Mythos av Stephen Fry. Det er ei gjenforteljing av gresk mytologi. Eg har førebels ikkje kome lenger enn til side 20, men allereie har ei prinsesse vorte befrukta ved hjelp av gullregn, så dette vert nok heilt texas. Forhåpentlegvis ei bok der latteren sit laust, men som også gjev meg nokre kunnskapsdrypp som kjem til nytte på quiz seinare.

Neste bok i elden er Grensen av Erika Fatland, som har vitja alle landa som grensar til Russland. Å lese den vert jo som å reise til 14 land utan å røre meg frå ein vinglevoren hagestol ved Nordfjorden!

Siste bok, om eg kjem så langt, er Hunger: A memoir of (my) body av Roxane Gay. Det er ei sjølvbiografisk bok som tek føre seg forholdet Gay har til kroppen sin etter ho vart utsett for seksuelt overgrep. Eg har tidlegare lese essay-samlinga Bad Feminist (og ei rekkje av tvitringane hennar) og synest det er interessant lesing om kjønn, kropp, hudfarge og privilegium.

Bente Kjøllesdal

Bokomslag: Gyldendal

Buzz Aldrin, hvor ble det av deg i alt mylderet? – Johan Harstad

Denne boka starta eg på for litt for lenge sidan til at eg tørr å innrømme det. Men før sommaren er over skal det ikkje lenger vere eit bokmerke i denne.

Buzz Aldrin, hvor ble det av deg i alt mylderet? er ei historie om dei vanskelegare tinga i livet. Men den er ikkje tung og deprimerande av den grunn. Harstad skriv på ein fargerik og poetisk måte. Det er som om han leikar seg med språket, noko som gjer det artig å lese. Favoritten min er starten på sjølve boka: «Personen du elsker er 72,8% vann og det har ikke regnet på flere uker». Er det ikkje vakkert?

Neste bok for tur er I love Dick av Chris Kraus. Denne har eg hatt lyst å lese kjempelenge, men eg trur kanskje tittelen som lyser opp i neongrønt og -rosa har halde meg litt tilbake frå å ta med denne på stranda eller i parken. Men ikkje no lenger! Boka blir omtala som ei av dei viktigaste feministiske romanane skrive i dette århundre. Og om nokon skulle vere i tvil: Dick er ein person.

Emilie Hansen

Fristar ikkje nokon av desse? Frykt ei, kanskje ei av desse bøkene passar betre!