Lea løftar vektstanga opp frå bakken og rettar seg i ryggen. Ho pustar ut og lar stanga gli ned til under knea før ho tar sats. I full fart dreg ho stanga opp til brystet og så høgt over hovudet.

Lea Horne kan løfte heile 82 kilo med strake armar over hovudet. Det er ei vekt som svarar til vekta av ein vaksen mann.

Det var NRK som fyrst omtala saka om Lea.

Nyleg var ho i Spania for å delta i spaniameisterskapen i vektløfting. I Spania vart ho den tredje beste vektløftaren i sin vektklasse i heile landet. Ein vektklasse tyder at folk som konkurrerer i same gruppe som Lea ikkje kan vege meir eller mindre enn eit visst tal kilo.

TALENT: Det er vanskeleg å seie kor sterk Lea kan bli, men at ho har eit stort talent er det ingen tvil om. Foto: Privat

Veldig kult

Hadde ho løfta i Noreg, så ville ho slått den norske rekorden på 78 kilo og blitt noregsmeister. I Spania har ingen sett ein 13-åring løfte så tungt nokon gong. Dei fleste andre i Lea sin vektklasse er nemleg 4-5 år eldre enn ho er.

– Eg er den same gamle for venene mine, men dei synast det er kult. Det er mange eldre som sender meg meldingar om korleis eg klarar det. Kvar dag eigentleg. Og det er ganske kult, fortel ho til NRK.

MEISTERSKAP: Viss Lea melder seg inn i en norsk klubb kan ho kvalifisere seg til noregsmeisterskapen og europameisterskapen. Foto: Privat

Oppmuntra av trenaren

For tre år sidan flytta Lea og familien frå Storsteinnes i Troms til Albir i Spania. Der starta ho med crossfit. Det er ei form for trening der ein treng både styrke og kondisjon.

– Eg dreiv ikkje med så mykje fysisk aktivitet. Vener sa at crossfit hadde endra liva deira, så eg gav det eit forsøk.

Trenaren i klubben oppmuntra ho til å løfte vekter. Sidan ho er 13 år, er det viktig at treninga er mest for gøy. Ho vel sjølv kor mykje og ofte ho vil trene etter at ho har gjort leksene.

Trygg trening

NRK har snakka med Svein Arne Pettersen som er forskingsleiar ved idrettshøgskolen i Tromsø. Han skildar Lea sin prestasjon slik:

– Ei 13 år gammal jente som gjer slike løft er imponerande

Svein Arne seier at det ikkje er noko i vegen for at barn kan trene styrke. Men det er veldig viktig at dei har rett teknikk og får god vegleiing frå vaksne som veit kva ein må tenkje på når ein løfter vekter.

Oppdatert: måndag 1. juli 2019 11.39

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE