Mange ungdommar reiser til Syden utan foreldra

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det melder P4. Tala er henta inn frå reiseselskapa Ving, TUI og Apollo.

Fleire fullmakter gjeld barn som reiser på ferie med besteforeldre eller andre vaksne enn foreldra. Andre gjeld unge under 18 år som drar på vennetur til Syden.

– Eg synest det er heilt ansvarslaust av dei foreldra, seier Marit Helene Lund, som jobbar som frivillig for sjømannskyrkja i Magaluf på Mallorca. Ho meiner at partystader som Magaluf ikkje er ein stad å vere for 15-, 16- eller 17-åringar.

Det er mykje fyll, og dei er ganske kyniske ved nokre av hotella med all inclusive og ein del barar. Det er ikkje noko hyggeleg å snakke om. Eg veit det er 15-åringar som er her, og det kallar eg barn, seier Lund, som saman med andre vaksne deler ut vatn, snakkar med og hjelper ungdommar i partybyen på nattetid.

Reiseselskapa opplever likevel det som ukomplisert å sende umyndige til Syden åleine.

– Vi opplever ekstremt lite utfordringar med unge på tur. Vi opplever dei fleste unge som veldig enkle å ha med å gjere og enkle å snakke med om det skulle vere noko, så vi ser ikkje på det som noko problem hos oss, seier marknads- og kommunikasjonssjef Tonje Løkaas Fossum i Apollo.