Rekordfå unge mødrer i Noreg

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dette er ein nedgang på 24 på eitt år og 123 dei siste fem åra, viser tal P4 har henta frå Medisinsk fødselsregister.

– Det er veldig gledeleg. Eg trur desse svangerskapa hos jenter under 16 år i stor grad er uønskte svangerskap. Vi ser same tendens i Abortregisteret, der det har vore ein nedgang på 70 prosent i talet på abortar i aldersgruppa 15 til 19 år dei siste ti åra, seier overlege Kristine Stangenes ved Folkehelseinstituttet til kanalen.

Bakgrunnen for nedgangen er mellom anna at unge har vorte flinkare til å bruke prevensjon og bruker betre prevensjon.

– Ein har jobba aktivt for å unngå uønskte tenåringsgraviditetar, seier ho.

21. mai i år stilte kring 3000 menneske opp framfor delstatsbygget i St.Paul, Minnesota, for å protestera mot dei nye abortinnstrammingane. Foto: Fibonacci Blue