Barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad valde å ikkje delta i årets Pride-markering. Det har fått mange til å reagera – også KrFU.
mm

Då KrF bestemte seg for å gå inn i dagens regjering med Høgre, Frp og Venstre tok Kjell Ingolf Ropstad over posten som då heitte barne- og likestillingsminister etter Linda Hofstad Helleland (H).

Departementet skifta då namn til Barne- og familiedepartementet og likestillingsansvaret vart overført til kultur- og likestillingsminister Trine Skei Grande (V).

Allereie i januar fortalde Ropstad til VG at han ikkje hadde planar om å gå i Pride-paraden, noko han har fått mykje motbør for.

Ropstad-masker

Fråværet til KrF-leiaren førte til at enkelte gjekk i toget med Ropstad-masker, medan andre uttrykka misnøye med plakatar.

NRK-profil Line Elvsåshagen var blant dei som hadde Ropstad-maske på:

 

Se dette innlegget på Instagram

 

@kjellingolf siden du ikke ville komme i dag 💜💙💚🧡❤️💛 #KJÆRLIGHETENLENGELEVE

Et innlegg delt av Line Elvsåshagen (@lineelvsaashagen)

Nokre ropte også «hvor er Ropstad?» til dei oppmøtte frå KRF og KrFU, der leiar Martine Tønnesen gjekk.

– Eg meiner han har grunngjeve det, og kvifor det gir meining for han. Så har eg vald å gå fordi eg legg noko anna i paraden enn han gjer. Men ein må respektere at folk ikkje vil gå, seier KrFU-leiar Martine Tønnessen.

– Det viktigaste er kva ein gjer alle andre dagar i året. Eg er trygg på at Ropstad jobbar for skeive sine rettar. Ein må ikkje gå i tog for å vise støtte til det, held Tønnessen fram.

– Kva er det Ropstad legg i Pride-feiringa som ikkje du gjer?

– Han er tydeleg på at paraden er ei støtte til FRI og deira politiske meiningar, og han er ueinig med dei i synet på surrogati, sexkjøpslova og eggdonasjon. For meg er paraden ein hyllest til kjærleik og mangfald, seier KrFU-leiaren.

Etter paraden delte ho dette innlegget frå folkefesten:

 

Se dette innlegget på Instagram

 

Happy Pride ❤️🧡💛💚💙💜

Et innlegg delt av Martine Tønnessen (@martineht)

 – Framleis heilt nødvendig

Simen Bondevik, fylkesleiar i Viken KrFU, er skuffa over partileiaren:

– Sjølvsagt er eg skuffa over at verken han eller fleire frå stortingsgruppa gjekk. Men er eg veldig glad for at det var rekordmange KrF-arar som gjekk. Og eg er veldig glad for at Geir Jørgen Bekkevold gjekk.

Bondevik er tydeleg på at Pride er ei viktig markering.

– Eg hadde det veldig fint i Pride. Det er ein viktig folkefest for mangfald som framleis er heilt nødvendig i 2019, skriv fylkesleiaren til Framtida.no.

Bondevik var nær å melda seg ut då KRF valde høgresida. Framtida.no har tidlegare snakka med ungdomspolitikaren om kvifor han likevel valde å bli i partiet.

KRFs ungdomsorganisasjon forklarte på sin Instagram-konto kvifor det var viktig for dei å delta i markeringa:

Oppdatert: måndag 24. juni 2019 16.44

Kommentarar

ANNONSE