Boris Johnson lovar brexit «med eller utan avtale»
Boris Johnson lovar å gjennomføre brexit «med eller utan avtale» viss han blir ny partileiar.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Boris Johnson publiserte måndag den offisielle valkampvideoen sin til valet av ny partileiar i det konservative partiet.
Please check out my campaign launch video. Time to deliver Brexit and unite our fantastic country. I hope you will support me > @BackBoris #BackBoris pic.twitter.com/iRZ8b0flRK
— Boris Johnson (@BorisJohnson) 3. juni 2019
I videoen lovar den tidlegare utanriksministeren å gjennomføre brexit uansett om ein avtale kjem på plass eller ikkje.
– Viss eg kjem inn, vil vi gå ut den 31. oktober, med eller utan avtale, seier han.
Johnson blir rekna som favoritt i kampen om å overta som partileiar – og dermed òg som statsminister – etter Theresa May.
Men feltet er breitt, og så langt har heile 13 kandidatar meldt seg.
Lurer du på kvifor Brexit er så vanskeleg? Svaret får du her:

Theresa May har ikkje lukkast med å framforhandle ei Brexit-avtale som det britiske parlamentet er nøgd med. May har difor meldt at ho trekker seg som britisk statsminister. Foto: Tiocfaidh ár lá 1916/Flickr/CC BY-ND 2.0