Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 17.10.2019 11:10

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det eg driv på med er å irritere nabolaget mitt ganske ofte. Ved å køyre ein slik klokka eitt på natta med veldig høgt volum, seier Kristoffer Øyehaug og syner fram eit bilete av mopeden sin.

16-åringen ser ut på PechaKucha-publikummet på Stord, og legg til:

– De har sikkert høyrt meg, nokre av dykk.

For mesteparten av fritida si brukar Kristoffer til å køyre rundt på mopeden han kjøpte i fjor sommar. Kristoffer seier at mange nok tenker det er bortkasta tid, men hevdar sjølv han ikkje hadde særleg val:

– Når du veks opp i ein familie som, i alle fall på morssida, er ein haug med rånarar, så ligg det i blodet.

– Grunnen til at eg ikkje har bilete av fjeset her, er at eg har kraftig pollenallergi, så augene mine var heilt raude, forklarar 16-åringen lurt. Foto: Bjørn-Sigurd Sælevik Fjose

Les også: Han vil stikke kjeppar i hjula for sykkeltjuvar og global oppvarming

Meir fart og meir lyd i motoren

16-åringen  tok lappen på moped i oktober, og sidan dess har han køyrt rundt på det han skildrar mest som ein «superheltsykkel» – den kan køyre på, og delvis av, veg.

– Den køyrer eigentleg overalt for det er originalt ein cross-motorsykkel, berre bygd om til å vere EU-godkjend og veglovleg, forklarar han.

16-åringen siklar likevel etter meir kraft i motoren, høgare dur frå sykkelen, og meir fart på vegen. Han vil køyre 70 kilometer i timen i 70-sona og 80 kilometer i timen i 80-sona.

– Skulle det vore opp til meg hadde ikkje fartsgrense vore ei sak, men no er det slik at menneskeliv er viktig, seier han med glimt i auget.

Men før det vankar ny sykkel lyt det fleire køyretimar til.

– Du lærer utruleg mykje av å køyre, fortel Kristoffer Øyehaug før han legg til: – Sjølvsagt dersom du køyrer scooter, lærer du ikkje ein dritt. Foto: Bjørn-Sigurd Sælevik Fjose

Råning er sosialt

Fotoshoots av sykkelane høyrer sjølvsagt med, fortel Kristoffer Øyehaug:– Det er ikkje ein hobby, men ein livsstil. Foto: Privat

Sjølv om fleire trur køyring er ei soloaffære – at ein rånar rundt åleine – så hevder Kristoffer det er langt frå sanninga.

– Det er utruleg sosialt! Det er eit stort miljø, og mange folk å snakke med.

Han fortel at dei ofte samlast fleire for å ta livet med ro og køyre turar: Rundt om på Stord, til Bømlo, og gjerne opp på heia der dei fleste tek føta fatt.

– Vi brukar store pengar på bensin i månaden. Det er hovudsakeleg det og energidrikk som gjer at eg er ganske blakk, fortel 16-åringen.

Les også om karane som set rekkeviddeangsten på prøve og køyrer 6000 kilometer i elbil: Frå Nederland til polarsirkelen.

Ei forelsking som varar livet ut

16-åringen fortel at det er ei heilt anna kjensle å køyre sykkel enn å køyre bil.

– På bil er det mange unødvendige ting som aircondition, men på sykkel er det berre deg og sykkelen. Dett du av skadar du deg, men er du på har du det utruleg kjekt, seier han og småler.

Han trur difor ikkje han kjem til å parkere mopeden med det første.

– Eg trur eg aldri kjem til å stoppe. Er du først forelska i sykkel kjem det til å vare heile livet.

Sjå Kristoffer Øyehaug fortelje om sin store kjærleik her: 

Video: Salman Chaudhry og Thea Auestad, medielinja ved Stord vidaregåande skule.