På sjølvaste 17. mai kom det nye albumet til Tyler, The Creator. Eit album det er all grunn til å feire litt for.

Jon Olav Sandal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tyler, The Creator – IGOR: Med dette verket har min suverene hip-hop-einar, Kanye West, fått ein utfordrar. Eg har i grunnen lenge vore ganske stor fan av Tyler, men stort sett har det vore snakk om enkeltlåtar som har stukke seg ut og som har vore særleg bra. Nokre av albuma har vore bra, men eg har ikkje blitt så ekstatisk over dei fulle verka som eg likar å bli. Med IGOR kom den følelsen.

Albumet verkar fryktlaust og kompromisslaust og eg meiner artisten har tatt det siste steget mot å bli ein av dei aller største i si tid. Frå tidleg av har det vore lite tvil i at han beherskar ordkunsten, men det har tidvis skorta litt i produksjonsdelen syns eg. På IGOR framstår det som meir modent og gjennomtenkt.

Ei god plate har evne til å vekke følelsar og assosiasjonar. Dei beste platene er uavhengige av assosiasjonar og følelsar. Det er i alle fall ein påstand eg vil kome med. Og her og no står eg veldig for den. Dei beste platene har ei evne til å passe alle situasjonar, og kvaliteten på musikken er bra nok til å stå på eigne bein. IGOR er ei slik plate. For meg er dette ein heilt spesiell ting, som berre eit fåtal andre plater greier. Andre eksempel er A Moon Shaped Pool av Radiohead og 22, a million av Bon Iver. Kanye West har også eit par av desse platene. Dette kan kanskje seie litt om nivået sisteplata til Tyler held.

Med det nye albumet til Tyler, har Kanye fått ein utfordrar.

LES FLEIRE MUSIKKTIPS FRÅ JON OLAV HER!