Plateslepp: – Ein sterk debut frå Benedikt

Jon Olav Sandal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Debutplata til Benedikt kjem ut på Koke Plate.

Fredag 24. mai sleppte Benedikt debutalbumet sitt Communal Work. Eit album du absolutt burde sette av tid til å lytte til. Slik eg har forstått det er Benedikt eit slags kreativt kollektiv med Hans Olav Settem i leiarsetet. Med seg har han med medlemmar i frå for eksempel Jouska, Panda Panda og Simen Mitlid. Dei har uttalt at bandet er ein slags kreativ fristad der dei legg frå seg alle rammer og gjer nøyaktig det dei vil. Det kan ein absolutt høyre.

I utgangspunktet har eg ikkje vore veldig positiv til at «indie-musikken» som sjanger ser ut til å gjere eit nytt inntog. Men etter å ha lytta gjennom Communal Work nokre gongar er eg ikkje slett så skeptisk lengre. Heller positiv. Og om indien skal få ein vekst igjen, så håper eg verkeleg at Benedikt får ta ein stor del i den oppturen.

Musikken vekker ein del følelsar og minner i meg. Eg tenker tilbake på solrike morgonar i campingstolar på festival etter ei klam natt i telt. Eg får også lyst til å hente ut ein bysykkel, sykle gjennom Oslos gater, bade, drikke litt øl og nyte livet.

Ein sterk debut som er veldig velkomen no når det endeleg går mot sommar.

Les fleire musikktips frå Jon Olav her!