Doblougprisen 2019 til Olaug Nilssen

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I sin takketale takka Nilssen velferdsstaten og gav samtidig bort også bort ein tredel av pengepremien, skriv Det Norske Samlaget i ei pressemelding.

– Velferdsstaten er det viktigaste i mitt liv, eg nærer ein stor og nesten religiøs kjærleik til han. Og det vil eg understreke med ein gest influert av kommunalt språk. Eg vil gje vekk ein tredel av pengesummen, og den skal vere øyremerka trivselstiltak for dei tilsette ved Tveiterås skole, Tjønnen dagsenter og Svartediksveien avlasting, sa ho i takketalen.

Les også: Med boka «Tung tids tale» har Olaug Nilssen rørt både statsministeren og kronprinsessa. No håper ho familiar med autistiske barn skal få betre hjelp.

Juryen rosar «Tung tids tale»

Nilssens bok «Tung tids tale», som kom i 2017, handlar om å bli mor til eit autistisk barn og dei utfordringane det fører med seg. Denne boka blei spesielt nevnt av juryen i grunngjevinga:

«Med romanen Tung tids tale fra 2017, tok Olaug Nilssen både fatt i et alvorlig og personlig tema, men også i norsk samtidslitteratur. Romanen handler om ei kvinne som blir mor til et autistisk barn. Romanen er et langt rop som skildrer hverdagen med gutten på den ene siden og møtet med det kommunale byråkratiet på den andre siden. Nilssens roman er en personlig protest mot samfunnet som verken ser henne eller sønnen eller familiens behov.»

Doblougprisen vart oppretta i 1938 og blir delt ut av den Svenska Akademien. Tidlegare vinnarar av Dublougprisen er Arnulf Øverland, Halldis Moren Vesaas, Vigdis Hjorth, Jon Fosse og Gunvor Hofmo.

Les også intervjuet med Olaug Nilssen: – Det var ikkje så opplagt at eg skulle få skrive denne boka. Det å vera i den livssituasjonen eg er i, gjorde meg for sliten.