Den nye leiaren i Noregs Ungdomslag vil gje ungom ein stad å vere seg sjølv

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– I ein kvardag med stadig aukande kroppspress, prestasjonsangst og psykiske plager er det viktig at ungdomen har ein stad å gå til kor dei kan vere seg sjølv, skriv Torbjørn Bergwitz Lauen i ein e-post til Framtida.no.

I helga vart 29-åringen frå Høvåg i Aust-Agder valt til ny leiar i Noregs ungdomslag, ein organisasjon som jobbar for levande lokalkultur landet over.

– Kva type aktivitet ein driv med er underordna, noko som gjer at ein finn alle typar aktivitet i laga våre. Frå hiphop og diskotek, til amatørteater, folkedans, isfiske, fotball og yoga, understrekar han.

Like viktig i 2019 som 1896

Lauen er oppteken av at ungdomslaga og ungdomshusa er trygge arenaar for kreativitet og engasjement. I ungdomslaga seier dei at dei skal sjå mennesket for kva det kan bli, og ikkje definere folk utfrå kva dei er.

– Har du ein aktivitet du ønskjer å drive, eller ei sak du er engasjert i, skal du alltid kunne møte opne dører på ungdomshuset og finne hjelp og støtte i ungdomslaget.

Han meiner Noregs Ungdomslag er like viktig i dag som då dei vart skipa i 1896.

Kva var dei viktigaste vedtaka som vart gjort på landsmøtet dykkar i helga?

– På årets landsmøte vedtok me to fråsegner, og båe to meiner eg er viktige. Den første omhandla eigedomsskatt på ungdomshus, noko me syns det bør bli heilt slutt på. Det bør vere eit prinsipp at ein ikkje skatter av dei frivillige.

– Den andre omhandla norsk språk i framtidas smartdingsar. Skal norsk språk overleve i framtida er det viktig at teknologien rundt oss forstår norsk. Anten ein kjem Oslo eller Ørsta. Både Siri, Alexa, Cortana, Google Assistant og alle andre røyststyrte teknologiar som kjem i framtida må bli fôra med data om alle norske dialektar.

Kva er dei viktigaste sakene for Noregs Ungdomslag anno 2019?

– For oss i styret i NU er det viktig å gjere det enklare å skape engasjement og drive aktivitet lokalt. I mange år no har me kjempa for ei betre momskompensasjonsordning, eit arbeid me framleis skal halde fast ved, og me ønskjer å gjere byråkratiet kring søknadar og rapporteringar skal bli mindre.

– Framover skal me òg ha eit større fokus på å drive meir og betre organisasjonsopplæring for dei tillitsvalde lokalt og i fylka, og me ønskjer å få fleire med i rørsla.

 Kva vil Noregs Ungdomslag merka av forskjell med deg som leiar?

– Me skal bli synlegare og betre på å profilere oss sjølv, og me skal skape fleire unge engasjerte leiarar og tillitsvalde. Eg er kanskje òg meir ideologisk enn fleire av dei tidlegare leiarane i nyare tid (så får dei heller krangle med meg om den utsegna!).

Les også: Noregs Ungdomslag vil få fart på folkedansen med film

STORDAL SPRINGAR: Eit viktig mål med danseopplæringfilmane er å visa fram mangfaldet av folkedansar som finst og inspirera fleire til å dansa folkedans. Her Stordal springar frå Tafjord i Møre og Romsdal. Foto: Halldis Folkedal / Noregs Ungdomslag

Noregs Ungdomslag har laga danseopplæringfilmar for å visa fram mangfaldet av folkedansar som finst og inspirera fleire til å dansa folkedans. Her Stordal springar frå Tafjord i Møre og Romsdal.
Foto: Halldis Folkedal / Noregs Ungdomslag

Brenner for demokratiet

29-åringen har eit brennande engasjement for det demokratiet som dei frilyndte ungdomslaga var med på å bygge frå midten av 1800-talet og framover.

– Det er dei frivillige organisasjonane som dannar demokratiske borgarar, og er grunnmuren i det norske demokratiet. Når færre og færre ønskjer å engasjere seg i verv og styrearbeid forvitrar denne grunnmuren, skriv Lauen.

Hans viktigaste hjartesak er difor å skape meir engasjement hos ungdomen og at ein må tørre å ta på seg verv som forpliktar.

– Og ikkje minst kor moro og gjevande det kan vere om ein berre tørr å hoppe i det, understrekar Lauen.

Den skal tidleg krøkast

Den nye leiaren er meir eller mindre vakse opp i organisasjonen, men fekk for alvor opp auga for ungdomsrørsla då han byrja dra på kurs og leirar i tenåra.

– Det mangfaldet av aktivitetar, folk og meiningar, det frilyndte grunnsynet og dei fantastiske folka som tok meg med, gjorde det vanskeleg å ikkje bli engasjert. Noko eg trur mange opplever når dei kjem på sommarleiren me skipar til kvart år.

 

Levande lokalkultur

Levande lokalkultur er kjerneverksemda til Noregs Ungdomslag, men korleis får ein til det?

– Levande lokalkultur byrjar alltid med ein idé. Nokon som tenkjer at «Ja! Skirenn er moro!» eller «Er det ikkje på tide med ein fest snart?». Åleine er det tungt å kome seg frå idé til handling og gjennomføring. Det er difor ein har eit ungdomslag. Der kan ein samlast og dele idear, finne inspirasjon og styrke til å få det til. Ofte har ungdomslaget eit ungdomshus kor ein kan vere, ein kasserar som kan hjelpe med økonomien, og medlemmar som gjerne stiller på dugnad om det skjer noko moro. Så svaret på korleis ein får til levande lokalkultur er ganske enkelt: saman.

Lauen er oppteken av at alle treng ein stad å leve (bustad), noko å leva av (arbeid) og noko å leve for (kultur).

– For oss i ungdomslaget er kultur noko ein tek del i, og er med på å skape sjølv, anten det er snakk om å øve til ei teaterframsyning, rigge til onsdagskvissen, organisere skirenn eller halde fest på ungdomshuset. Det å gjere ting i lag skapar engasjement, glede og samhald.

– Når vi i NU snakkar om levande lokalkultur meiner me altså alt det som skaper liv og glede i lokalsamfunnet ein berre får om ein jobbar saman. Levande lokalkultur skapar glade og engasjerte menneskjer, som igjen skapar betre lokalmiljø i by og bygd.

 Kva er idealsamfunnet?

– Idealsamfunnet er der det finst eit ungdomslag og ungdomshus i alle byar, bydelar, bygder og grender. Slik at alle har ein stad å utfalde seg sjølv, kor du kan kjenne deg trygg. Ein stad kor folk ikkje ser deg for korleis du ser ut, kva kjønn du er tiltrekt av, kva du meiner eller kva du trur på, men ser deg for det du kan bli og kva du kan få til om du får tillit og kunnskap.

Vart du gira på folkedans? På Folkepedia kan du mellom anna læra deg hallingspringar: 

 

Torbjørn Bergwitz Lauen

Frå: Høvåg i Aust-Agder / Oslo

Alder: 29

Yrke/utdanning: Master i historie frå UiO, og jobbar i dag som kommunikasjonsrådgjevar i Senterungdomen

Favorittfag på skulen: Samfunnsfag og historie

Ulike verv: 

På vegner av NU sit eg per i dag i Folkdans- och kulturutskottet i Nordlek – Nordisk forbund for folkekultur, styremedlem i Studieforbundet kultur og tradisjon, styremedlem i Stiftinga Vener av Dag og Tid, rådsmedlem i Norsk Barneblad og styremedlem i Akademifondet for norsk kulturreising.

Har tidlegare m.a. vore leiar i Bergen ungdomslag Ervingen og fylkesleiar i Oslo Senterungdom for å nemne noko.

Medlem i: Noregs Ungdomslag, Norsk Målungdom, Noregs Mållag, FolkOrg, Senterungdomen og Foreininga Norden.

Kva gjer du i fritida/hobby: Eg dansar folkedans mest kvar veke, syng når eg kan, og likar å sjå TV-seriar når eg har tid.