Solbergs påskeoppfordring: – Følg fjellvitreglane

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fredag opna statsministeren formelt påska og hjelpeorganisasjonen Røde Kors sin påskesentral i Hausmanns gate i Oslo. 1.200 frivillige frå 150 vaktstasjonar rundt om i landet er sett i beredskap for å passe på påsketuristar i fjellet, i tillegg til dei 2.000 frivillige som er på alerten døgnet rundt heile året.

Trass i iherdig innsats frå frivillige og helsepersonell har elleve menneske mista livet i skredulykker så langt i år. Det er det høgaste på ni år, og framleis står halvparten av april att, som dei siste åra har vore verstingmånad for skreddødsfall.

Visste du att fjellvitreglane også er tilgjengeleg på nynorsk? 

Statsminister Erna Solberg opna påskesentralen hos Røde Kors og snakka med frivillige frå Luster Røde Kors via ein walkie talkie. Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix / NPK

Skremmande skred

– Det er ei skremmande utvikling, både når det gjeld talet på skred og talet på dødsulykker, seier Solberg til NTB.

– Dette understrekar kor utruleg viktig det er at folk er klar over at fjellet kan vere farleg. Sjølv om du er veldig fjellvant, er det for augneblinken vêrforhold i Noreg som har gjort at det blir utløyst mange skred. Vi kan få meir forandringar i forholda i fjellet på grunn av klimaendringane som går føre seg, held ho fram.

Dreg til varmare strøk

Statsministeren sjølv skal ikkje på tur i påskefjellet og pakkar i staden med seg badedrakt for ein ferie i varmare strøk. Ho har likevel eit klart råd til dei som planlegg å prøve seg på toppturar i påskesola:

– Det aller viktigaste er å faktisk følgje fjellvitreglane. Det er ikkje berre ein morosam sketsj på TV i påsken, dette er viktige råd, seier ho.

– Lytt til vêrmeldinga, og husk at det er inga skam å snu. Om du skal gå til ein topp, og vêret ikkje tillèt turfølgjet ditt å rekke den toppen, vel heller å snu. Det viktigaste er ikkje å få alle toppane inn i toppboka, men at ein kjem trygt tilbake til hytta si, seier Solberg.

Statsminister Erna Solberg opna påskesentralen hos Røde Kors. Statsministeren møtte frivillige frå Oslo og Ullensaker Røde Kors. Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix / NPK