Talet er tredobla på under 30 år. – Religiøsitet er ikkje lenger så tabu som det var, seier forskar.

mm

Talet på norske ungdommar mellom 15 og 20 år som reknar seg som personleg kristne har gått opp frå 9 prosent i 1985 til 30 prosent i 2013. Det viser den ferske rapporten «Slik er ungdommen» som Ipsos MMI har gjort for Barne- og likestillingsdepartementet.

Ungdommen går mot sekulariseringstendensen i dei andre aldersgruppene, ifølgje tala som er henta frå den store undersøkinga Norsk Monitor.

LES OGSÅ: Her blir alle konfirmerte

Fleirkultur og trusopplæring
Erling Birkedal er forskar og prosjektleiar ved Menighetsfakultetet, og har forska på ungdom og tru.

– Religiøsitet og religion er ikkje så tabubelagt i dag. Det å setja namn på det å vera kristen tilhøyrande er meir akseptert, seier han.

Birkedal trur dette mellom anna kan skuldast det fleirkulturelle samfunnet vårt, som har gjort det meir vanleg å snakka om tru og religion.

Han trur òg Trusopplæringsreforma frå 2003 kan ha bidrege til løftet ved at fleire av ungdommane som er spurt i 2013 har fått tatt del i trusopplæringa til Den norske kyrkja frå dei var små.

I 2013 sa 44 prosent av alle unge mellom 15 og 20 år at dei hadde vore på gudsteneste det siste året. Det er like mykje som i 1985, men ein del av ein aukande tendens sidan botnåra i 1997 og 2005.

LES OGSÅ: Biskopen: – Det må vera lov å rota litt

Fleire måtar å vera kristen
Talet på unge som svarer at dei trur på Gud har berre gått opp frå 32 til 33 prosent frå 1985 til 2013. Tidlegare var det stor forskjell på kor mange som trudde på Gud, og kor mange som rekna seg som personleg kristne. Forskjellen har blitt mykje mindre.

Erling Birkedal trur at fleire unge reknar seg som personleg kristne fordi det er opna opp for fleire måtar å vera kristen på.

– Tidlegare såg ungdom på eldre tanter som gjekk i kyrkja og bedehuset ofte. Dei såg på desse som personleg kristne, og rekna ikkje seg sjølv som personleg kristne.

ARE KALVØ: Korleis skrive evangelium?

– Tar meir stilling
Karianne Hatlevik (20) er med i Indremisjonen sitt ungdomsteam, og har denne hausten reist rundt i Noreg for å snakka med andre ungdommar – anten dei er det ho kallar medvitne eller umedvitne kristne.

– Eg trur det har blitt meir fokus på disippelgjering. Eg trur det er fleire som blir utfordra på kva det har å seia for ein sjølv å vera kristen, seier ho, før ho legg til:

– Eg omgir meg mest med kristne, så det kan jo vera vanskeleg sjå det utanfrå.

Sjølv har ho alltid rekna seg som kristen, og vaks opp i ein kristen heim. Det var då ho blei leiar i barne- og ungdomsarbeid at ho byrja å tenkja over kva det ville seia for livet hennar at ho er kristen.

– Det er berre Gud som kan opna augo våre, seier ho.

LES OGSÅ: Størst katolsk vekst

På lag med Jesus
Norges Kristelige Student- og Skoleungdomslag melder om 10-15 nye lag i året frå ungdomsskular til universitet.

Generalsekretær Tor Erling Fagermoen (bildet) meiner det tidlegare kunne ha ein dårleg klang å kalla seg personleg kristen.

– I oppveksttida mi var det ein del av protesten mot autoritetane. I dag er kanskje ikkje behovet for ungdomsopprør til stades. No har me i staden alvorsgenerasjonen.

I dei kring 200 ulike skulelaga deira, er det no fleire som deltar aktivt enn før.

– Ungdom i dag har eit større engasjement og forplikting enn tidlegare, seier Fagermoen.

Han trur framveksten av islam har gjort at fleire vil markera kven dei sjølv er. Samstundes meiner han unge er blitt meir nysgjerrige på dei store spørsmåla.

– Kva er mennesket, kvar kjem me frå, kvar skal me, kan det vera at me har ein Skapar som kom til verda som eit lite barn? Det er spørsmål som fleire er nysgjerrige på når eg reiser rundt på skular.

Les fleire saker om livssyn og religion her!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.57

Kommentarar

ANNONSE