Her blir det Liv!

Nynorsk Pressekontor
Publisert
Oppdatert 10.04.2019 09:04

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg er Liv, ei «trondhjemsjente» sjølv om eg berre budde der i ti år. Eg møter publikum som meg sjølv. Som Liv. Det er ho eg aller best liker å vere. «Liv Ullmann» er behangen med så mykje rart som eg ikkje kjenner igjen, seier Noregs ikoniske skodespelarinne, berømt over heile verda, på sin karakteristiske, sjølvironiske måte.

Så heiter då også framsyninga rett og slett «Liv». Tom Remlov, teatersjefen som også skal samtale med henne på scenene rundt i landet, fastslår at namnet femnar mykje av det framsyninga vil romme, som er både om Liv og om livet hennar:

– Ho er velsigna med eit assosiasjonsskapande namn!

Les også: «Slåttekar i himmelen» vert teater

Raud buss med bilde

Onsdag møtte Liv Ullmann den raude turnébussen som ho skal stige om bord i når oktober kjem og farte rundt i – ein heil månad til ende. Våren 2020 entrar «Liv» Nationaltheatrets scene, for framsyninga er laga i samarbeid med institusjonsteateret i hovudstaden.

Deretter håper Riksteatret på ny busstur med celeber og begeistra passasjer om bord. For begeistra er Liv Ullmann når ho stig om bord og muntert vinkar til teatersjefane Remlov og Hanne Tømta, «Liv»-regissør Bentein Baardson og mannskapet – i det bussen, pryda med eit gigantisk bilde av hovudpersonen med både rynker og evigungt smil, køyrer ut av teatergarasjen til glede for fotografane.

Om bord i oktober vil det òg vere ei rekke flightkasser, nokre komfortable stolar, gamle lêrkoffertar og eit lerret der projeksjonar av bilde og film frå Liv Ullmanns mangfaldige liv vil rulle og gå under scenesamtalen. Tanken er at publikum skal føle seg invitert inn backstage – inn i kulissene.

– Vi kallar det eit møte. For kjernen i Livs liv har vore møtet med publikum, seier Remlov.

– Eg er framleis like nysgjerrig på kva Liv har å seie, seier Tom Remlov, teatersjef ved Riksteatret og den som skal vere samtalepartnar med Liv Ullmann på scena i førestillinga «Liv». Foto: Heiko Junge / NTB scanpix / NPK

Levande historie

Eit anna stikkord for Liv Ullmann er «reisande», ifølgje Bentein Baardson. For 25 år sidan fekk han Liv Ullmann til å lese eventyr under opninga av Lillehammer-OL, no er det eventyret om sitt eige liv, alltid på farten, ho skal fortelje, med Baardson som regissør.

– Ho er eit ikon og den mest kjente vi har ute. No spør vi «korleis er det å vere Liv», sett også frå innsida, seier Baardson, medan teatersjef Tømta fastslår: – Liv er film-, teater- og kulturhistorie, mange, mange koffertar fulle av erfaring. Og så er ho sprø og morosam!

Det er nemleg alle teatermenneske rundt Liv Ullmann opptatte av å fastslå: Humoren og sjølvironien.

Under lanseringa av «Liv» snakka Ullmann om då ho byrja å merke Janteloven her heime etter kvart som ho vart berømt i utlandet, noko Tom Remlov utdjupa med å påpeike korleis ho vart framstilt som «Hulke-Liv heime og Heisann!-Livute».

Les også: Siri (26) overlevde Utøya, Faten (23) var radikalisert. No står dei saman på teaterscena

Byrjar livet igjen

Om nokre månader kan publikum frå Mandal i sør til Harstad i nord sjølve få møte «den ekte» Liv, i detsom teiknar til å bli eit tett møte – der det òg bliropna for spørsmål frå salen, og ein samtale som kan variere frå kveld til kveld. For Liv Ullmann er i praktslag, og klar for «å begynne livet igjen».

Det er nemleg karakteristikken ho gir av det som er i vente for henne. Ideen til «Liv» kom fram under ein middag med Remlov og Tømta i USA for fire år sidan. Ullmann hadde aldri gløymd bussturneen med Riksteatrets «Lang dags ferd mot natt» i 2010, og ville gjerne ut på ny – sjølv om «Liv» er svært annleis enn noko ho tidlegare har gjort.

– Eg er ikkje lenger i den blå timen, no er livet her og eg har ein fantastisk sjanse til å seie ja til livet. Det er så mykje som ikkje held meg tilbake no. Då det vart så mykje snakk om at eg vart 80 år, skjønte eg at det var no eller aldri. Det er no eg skal ut og reise og finne ut kven og kva eg er, seier Liv Ullmann – som dels held på «nu»-forma utan å verke gammalmodig.

– Da det vart så mykje snakk om at eg vart 80 år, skjønte eg at det var nu eller aldri, seier ei Liv Ullmann i storslag før Riksteater-turneen med samtalar om sitt liv og livet. Foto: Heiko Junge / NTB scanpix / NPK

Alder utan tyding

Til det er ho altfor spel levande. Ho medgir at ho vart sterkt mint på alder då ho fylte 80 år i fjor.

– Eg merker det mykje fortare ved korleis andre behandlar meg. Plutseleg byrja eg å kjenne at eg var 80, og byrja å snakke sjukdom med andre! Det må vi passe oss for, seier Liv Ullmann, som snakkar varmt for samtalar på tvers av generasjonane.

– Alle instruktørane som har betydd mest for meg, har vore minst 20 år eldre, seier ho litt underfundig. Ho snakkar om korleis gamle ofte blirlitt «usynlege og hjelpelause», medan ho sjølv meiner det er ein rikdom å høyre tankane til dei som har levd «uendeleg lenge». Det er òg noko dagens unge kan lære noko av, trur ho.

– Det er mange einmanns- og eikvinnesshow i dag. Derfor trur eg på samtalar. Ikkje berre på scena, men også i kvardagen, seier Liv Ullmann, som mest av alt gleder seg til ikkje å vere skodespelar lenger.

– Eg liker å vere ein historieforteljar og å dele historier.

Trur på det gode

Når ho skal snakke om livet sitt, vil det handle mykje om kva ho har lært av andre. Dei som jobbar med «Liv», har også fått fordjupe seg i Livs dagbøker og fotoalbum, så vel som den offentlege personen.

– I dag seier ho til FN-forsamlinga, til heile verda, det same som ho då ho stod på scena som 17-åring og spelte Anne Frank: At ho trur på det beste i mennesket, og at vi er fødde gode, seier regissør Baardson.

Liv Ullmann røper at ho er utrygg, og har sosial angst, «men ikkje når eg har noko å melde – noko man har lært av andre». Og ho fortset å lære, og har planane klare for ein tur til Japan der ho vart fødd.

– Eg vil besøkje Ooshima, ei øy der spedalske måtte bu og der nokre framleis bur. Eg veit ikkje kvifor eg vil dit, det trur eg at eg finn ut når eg er der. Eg er opptatt av menneske som ikkje har fått så mykje i livet, men som likevel har meir å gi enn andre som har fått mykje, seier Liv Ullmann, og slår bestemt fast:

– I vår tid er det viktigare enn nokosinne å leve seg inn i situasjonen til andre, kjenne igjen seg sjølv i andre. Faren min skreiv i ei bok foreldra mine laga då vi budde i USA under krigen: «Hva hjelper det å vinne hele verden om du tar skade på din sjel».

– Eg har ein fantastisk sjanse til å seie ja til livet. Det er så mykje som ikkje held meg tilbake nu, seier ei Liv Ullmann i storslag før Riksteater-turneen med samtalar om sitt liv og livet. Foto: Heiko Junge / NTB scanpix / NPK