Berre 1 av 4 unge synest Erna Solberg gjer ein god jobb i statsministerstolen.
mm

Berre 1 av 4 mellom 17 og 29 år meiner Erna Solberg gjer ein god jobb som statsminister.

Det syner Ipsos sitt partibarometer for mars 2019. Prosentdelen som synest Solberg gjer ein god jobb stig for kvart alderstrinn.

Kjelde: Ipsos

Samstundes når partiet hennar Høgre eit botnpunkt, med 21.3 prosent oppslutning, ein tilbakegang frå februarmålingane på 25.1 prosent oppslutning.

Les også klimaappellen frå Gaute Eiterjord: «Hadde miljøpolitikken vore ei skuleoppgåve hadde regjeringa fått stryk»

Heilt middels

Samanlagt synest 37 prosent av dei spurde at statsministeren skjøttar sine arbeidsoppgåver på ein god måte. 42 prosent meiner Solberg gjer ein middels jobb, og 17 prosent synest statsministeren gjer ein dårleg jobb. Dei resterande 4 prosent svarar at dei ikkje veit.

Kva synest du om jobben Erna Solberg gjer?

Kva synest du om jobben Erna Solberg gjer?

God jobb!18
Middels god jobb.13
Dårleg jobb!68
Veit ikkje.6
Svar totalt: 105

 

Samanlikna med førre månad er prosentdelen som synest Erna Solberg gjer ein god jobb som statsminister stabil.

Kjelde: Ipsos.

Les også meiningsinnlegget: Politikarar, grip sjansen til å svare elevane: Fossilfrie regionar innan 2030!

Oppdatert: fredag 29. mars 2019 11.02
ANNONSE