Elise Solvåg
Publisert
Oppdatert 11.04.2020 12:04

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

«Algoritmeanekdoter» av Karoline Hjorth er mykje rikare enn eg forventa den skulle vere då eg starta å lese. Eg trudde det hovudsakleg kom til å vere ganske triste historier om nettdating, for ingen av portretta på omslaget ser spesielt glade ut.

Boka appellerte til meg fordi eg har mi eiga historie rundt å finne kjærleik på nettet; ikkje via datingsider, men eg fann min kjærleik på Twitter. Hjorth fann òg sin kjærleik på nettet, og det er utgangspunktet for denne boka. Og i sin tur for mi lesing og tolking av den.

Dette er ei samling anekdoter/portrettintervju frå mange ulike menneske; unge, gamle, evig single, skilte, kvinner, menn. Dei får alle kvar si stemme, til og med i skriftspråk. Dei bruker ulike typar sosiale medium og datingforum, på heilt forskjellige måtar, og ikkje nødvendigvis til dei same formåla. Nokre fortel om vonde eller gode minner, og nokre reflekterer i hovudsak rundt konseptet. Her er kjærleikshistorier som har enda godt, her er kjærleikshistorier undervegs og kjærleikshistorier som har gått rett i dass.

Les også intervju med kvinna bak Instagram-profilen «nynorsk_tinder»!

Ein av dei raude trådane, bortsett frå internettperspektivet, er at alle intervjuobjekta fortel om korleis nettdating har påverka, og fortsatt påverkar, livet deira.

Portretta er velbalanserte og velkomponerte, og heile kjensleregisteret vert engasjert hos lesaren. Sjølv om her er mange knusande og deprimerande historier, sit eg igjen med ei slags glede likevel. Eg skulle gjerne presentert alle menneska, men eg trur eg skal la deg få gleda av å møte dei sjølv når du plukkar opp denne vesle innertiaren av ei bok.

Les også kva svar me fekk då me spurte menn på Tinder: «Kva tid grein du sist?»

Hjorth er fotograf, og i tillegg til portrett av intervjuobjekta, er det snapshots av heimane deira, både i større perspektiv og detaljer. Som om Hjorth berre har vandra inn i heimane til desse folka som var totalt ubudde, knipsa eit bilete av dei akkurat då ho vekker dei og så berre vandrar rundt og tar seg til rette. Det er rått, sårbart og så lite skjønnmåla som ein kan tenke seg. Det synest eg er ein fin touch, og kanskje det er det som utgjer det vesle ekstra som gjer denne boka heilt, heilt spesiell.

Boka er fin, original, aktuell, interessant. Kva meir kan du eigentleg kreve av ei utgjeving?

Har du lyst på fleire boktips? Les fleire bokmeldingar her!