I 2018 fekk 253 fagarbeidarar godkjent utdanningane sine frå utlandet. Dei fleste kom frå Polen og var trevaresnikkarar.

NOKUT – Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga – ligg under Kunnskapsdepartementet og skal sikre kvaliteten i høgare utdanning og høgare yrkesfagutdanning. Blant oppgåvene deira er å godkjenne og informere om utanlandsk utdanning.

I 2018 fekk 253 fagarbeidarar godkjent utdanninga si frå utlandet. Dei fleste kom frå Polen og var trevaresnikkarar. NOKUT fekk til saman 665 søknader og behandla 678 søknader same år, melder NOKUT.

Høgare løn og meir ansvar

Godkjenningsordninga er populær for yrkesutøvarar og arbeidsliv, melder NOKUT sjølve.

– Ein intern gjennomgang av ordninga som vi gjorde våren 2018, viste at ei godkjenning frå NOKUT bidrog til høgare løn og meir ansvarsfulle arbeidsoppgåver, seier seksjonssjef Silje Molander.

Sidan godkjenningsordninga vart oppretta i 2016, har dei fått inn 1 457 søknader om godkjenning av fag- eller yrkesopplæring frå utlandet med tilsvarande norske fag- eller svennebrev.

Ordninga omfattar yrkesfagutdanningar i Estland, Latvia, Litauen, Polen og Tyskland, og det er 19 ulike kvalifikasjonar som kan godkjennast.

Fleire land ønsker å vere med i ordninga, og Kunnskapsdepartementet ønsker òg å utvide talet på land og kvalifikasjonar. I 2019 vil NOKUT arbeide for å få utvida ordninga.

Kommentarar

ANNONSE