Politistillingar blir ståande ledige for å spare pengar

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sjølv om regjeringa har løyvd pengar til å tilsette fleire politifolk, betyr ikkje det automatisk at nokon fyller dei stillingane, melder NRK. Ei rundspørjing blant dei tolv politidistrikta i landet viser at åtte av dei lèt stillingar bli ståande ledig i ein periode for å spare pengar.

Les også: Rekordmange kvinner vil bli politi

Ledige stillingar i vest

Oslo, Troms, Nordland og Finnmark seier dei ikkje vil halde stillingar ledige i 2019. Vest politidistrikt er blant dei som vel å la nokre stillingar vere ledige for å få budsjettet til å gå opp.

– Vi må styre stramt i kvardagen. Det betyr at vi må gjere vanskelege prioriteringar, som til dømes å seie nei til enkelte saker og nokre stader halde stillingar ledige, seier politimeister Kaare Songstad.

Fagforeiningsleiar Sigve Bolstad er kritisk til at stillingar blir ståande ledige, særleg fordi nyutdanna politifolk slit med å finne jobb.

– Det er ein klar lovnad om at politistudentar skal få jobb når dei er ferdigutdanna. Det skjer ikkje og er eit klart løftebrot, seier leiaren i Politiets Fellesforbund. Han seier samtidig at praksisen først og fremst går utover befolkninga.