Fleire og fleire bilar er utstyrt med kamera og ulike sensorar som skal hjelpa til med å hindra ulukker. Og allereie er det førarlause bussar i rute i Noreg.
Men teknologien som er brukt i sjølvkøyrande bilar kjenner ikkje så godt igjen personar med mørkare hud, kjem det fram i ein studie frå forskarar ved Georgia Institute of Technology.
Forskarane fann fleire feil då dei testa åtte slike system. Systema hadde fem prosent mindre sjanse for å kjenna igjen personar med mørkare hud.
I fjor omkom ei 49 år gamal kvinne i Tempe, Arizona, etter å ha blitt påkøyrt av ein sjølvkørande Uber-bil då ho kryssa vegen.
LES OGSÅ: Førarlause bilar kan ta vekk behovet for motorvegar