«Så lenge politikarane brukar våre kroppar som forhandlingskort»

Karoline Einang, sentralstyret i Changemaker
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

8. mars er nødvendig

Så lenge politikarane brukar våre kroppar som forhandlingskort.

Så lenge nokon i uniform kan gå ustraffa frå ei voldtekt.

Så lenge ni av ti land i verda har lovverk som diskriminerer kvinner.

Så lenge unge jenter må slutte på skule eller ikkje får arbeide fordi dei kjem i puberteten og får menstruasjon.

Så lenge jenter, kvinner og ungdom ikkje får ta del i fredsprosessar, når dei er dei mest utsatte.

Så lenge kvinner som er menn, og menn som er kvinner, og personar som er begge deler eller ingen av delene, ikkje får aksept.

Så lenge ein blir slått og sparka fordi ein har eit anna sosialt konstruert kjønn enn forventa.

Så lenge samfunnet tenkjer at ein mann skal ha større musklar, og ei kvinne mjukare omsorg.

Så lenge ein antek at gutar skal leike med bilar og jenter skal leike med dukker.

Så lenge samfunnet skapar eit skille mellom innovertiss, utovertiss, og blått og rosa, er 8.mars nødvendig.

Av alle ting som skiller oss, vere det verdiar, tradisjonar, draumer, fargar og formar, har det lite å seie med X og X, og X og Y. Vi er alle ulike mennesker med like menneskerettar og difor er 8. mars nødvendig.