Dette må du få med deg på by:Larm fredag
Lurer du på kva du skal få med deg på by:Larm i kveld? Her deler Jon Olav Sandal sine tips.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Då var det tid for by:Larm igjen. Vinterens største Oslofestival. Eit titals konsertar kvar halvtime rundt om i heile Oslo. Her er det berre å ta på seg godskorne.
Er du som meg, så er du langt på etterskot med å skaffe deg oversikt over kven som spelar kvar og når. Det freistar å gi opp leitinga og berre følge straumen. Men det kan vere verdt å gjere litt research på førehand. På den måten kan du unngå å gå glipp av perlene mellom alle dei omsnakka artistane som stel all merksemd i forkant.
Eg har laga nokre personlege notat som du kan bruke, eller ikkje. Det er heilt opp til deg. Her kan du lesa det heseblesande torsdagsprogrammet!
Men, bruk den eller ikkje, så sjekk ut artistane uansett. Der er mykje bra musikk å hente!
Fredag
19:00 – AMWIN @ Melahuset
Litt wild card. Om det blir like kult som den nyaste singelen hennar, blir det veldig kult. Om showet blir slik som det første ho gav ut, så blir det middels.
20:00 – Kelly Moran @ Kulturkirken Jakob
Alternativ musikk i veldig passande lokale. Meditativt og deilig.
Etter dette treng du litt streit fram rock.
20:30 – Linn-Koch Emmery @ Krøsset
Treng du litt mat? Det kan vere no du har tid til det.
22:00 – Nils Bech @ Sentrum Scene
Litt kunstpop. Festivalfølget ditt syns sikkert det er litt sært, men prøv å overtal dei om at det er veldig fint.
Bruk neste halvtime på å spasere til Vulkan.
23:00 – Aiming for Enrike @ Vulkan Arena
Har sett dette også før, men skal sjå det igjen.
Lett jogg opp til Krøsset.
23:30 – The Entrepreneurs @ Krøsset
Retning Rockefeller
00:00 – Cobrah @ Revolver
Ta ein liten stopp her på veg bort til Rockefeller. Kan vere veldig bra.
00:30 – Hilma Nikolaisen @ Rockefeller
I den litt alternative ruta du har lagt opp i dag, treng du streite avbrekk med pop.
01:00 – Off the meds @ Revolver
Tilbake til det litt alternative. Elektronisk dansbar musikk, med litt rap.
02:00 – Simon Littauer @ Ingensteds
Avslutt med ei øl her før du tek ein «tidleg» kveld.
Fredag slutt.