Dette må du få med deg på første dag av by:Larm
Lurer du på kva du skal få med deg på by:Larm i kveld? Her deler Jon Olav Sandal sine tips.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Då var det tid for by:Larm igjen. Vinterens største Oslofestival. Eit titals konsertar kvar halvtime rundt om i heile Oslo. Her er det berre å ta på seg godskorne.
Er du som meg, så er du langt på etterskot med å skaffe deg oversikt over kven som spelar kvar og når. Det freistar å gi opp leitinga og berre følge straumen. Men det kan vere verdt å gjere litt research på førehand. På den måten kan du unngå å gå glipp av perlene mellom alle dei omsnakka artistane som stel all merksemd i forkant.
Eg har laga nokre personlege notat som du kan bruke, eller ikkje. Det er heilt opp til deg.
Men, bruk den eller ikkje, så sjekk ut artistane uansett. Der er mykje bra musikk å hente!
Torsdag
Pass på overtenning. Ikkje bli metta allereie første dag. Husk å ta pausar.
19:00 – Delish @ Ingensteds
Frisk og rolig start på festivalen. Elektronisk pop med ein draumande vokal på toppen.
Neste destinasjon – Rockefeller. Gå i baren kjøp deg noko digg og snakk med bekjente.
20:30 – Iris @ Rockefeller
Rolig pop med edge. Forhåpentligvis bra lyd
21:00 – Emma Steinbakken @ John Dee
NB: Brenn! Speler samtidig som dette, men vent heller til laurdag når dei speler på Blå.
Den store Rockefeller-dagen. Ta deg eit glas vatn og gå opp igjen i hovudsalen.
21:30 – Moyka @ Rockefeller
Hallingdal sitt svar på Susanne Sundfør? Absolutt verdt å sjekke ut.
Rolig voggedans-humør? – ta turen bort til Ingensteds. Om du treng ein pust i bakken – bli på Rockefeller.
22:00 – Georgia @ Ingensteds
Lettbeint og dansbart. Kan vere ei god avlastning etter mykje rolig pop.
23:00 – Becky and the birds @ John Dee
Siste rolige post for kvelden.
Etter konserten har du litt dårlig tid. Spring til Blå.
23:30 – Tacobitch @ Blå
Dagens wild card. Trur det er hardt og gøy. Det er tid for å ha det gøy på dette tidspunktet.
Tilbake til John Dee.
00:00 – Safario @ John Dee
Spennande tilskudd i det norske hip-hop-miljøet. Herlig utypisk norsk.
Opp igjen til Rockefeller – «the main act» går snart på scena.
00:30 – Pom Poko @ Rockefeller
Har sett det før, men skal sjå det igjen.
Om du har jobb neste dag kan det vere på tide å gi seg her. Om du vil feste vidare:
01:30 – Fakethias @ Blå
Torsdag slutt.