Fleirtal vil ha hjelmpåbod i alpinbakken

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det går fram av ei spørjegransking YouGov har gjennomført for Tryg Forsikring.

Det er ikkje påbode med hjelm i alpinbakkar her i landet, men dei siste åra har mange alpinanlegg på eige initiativ innført krav om dette. I spørjeundersøkinga svarer 66 prosent at dei ønskjer eit generelt hjelmpåbod i skibakken. Det er eit større fleirtal blant kvinner enn menn for hjelmpåbod, 73 mot 59 prosent.

I spørjeundersøkinga fortel elles 66 prosent at dei alltid køyrer med hjelm i alpinbakken, medan 17 prosent svarer sjeldan eller aldri. På spørsmål om dei brukar hjelm i akebakken svarer berre éin av ti at dei alltid brukar hjelm.

– Frå eit sikkerheitsperspektiv er det ingen tvil om at hjelm burde vore obligatorisk der det er skikøyring med stor fare for samanstøytar i høg fart. Å køyre på ski er knytt til ein viss risiko, men mange hovudskadar kunne vore unngått eller redusert ved bruk av ein alpinhjelm, seier Øyvind Setnes, førebyggingsekspert i Tryg Forsikring i ei pressemelding.