Forskarar vil utnytta plasten som forureinar havet
Plastforsøpling av havområda er rekna som eitt av dei største miljøproblema globalt. No vil forskarar frå Sintef utnytta moglegheitene som avfallet gir.
![](https://framtida.no/wp-content/uploads/2023/11/NPK-160x160.png)
![info](https://framtida.no/wp-content/themes/framtida/images/info.png)
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Den beste strategien er å prøva å forhindra at plast og avfall kjem ut i havet i første omgang, seier sjefforskar Kåre Helge Karstensen i Sintef.
Dei største bidraga til forsøplinga kjem av avrenning frå industriområde og avfallsfyllingar til dei store elvene, særleg i Asia. Viss avfallsbehandlinga i desse områda blir betre, spesielt i låginntektsland og veksande økonomiar, kan framtidig tilsig reduserast betydeleg, meiner forskarane.
Her finn du svar på nesten alle spørsmål du har om plast.
Vinn-vinn
Prosjektet «Ocean Plastic Turned into an Opportunity in Circular Economy» blir leia av Sintef og er finansiert av det norske bistandsprogrammet mot marin forsøpling.
– Prosjektet har som mål å demonstrera nye vinn-vinn-løysingar for avfallshandtering, der ikkje-gjenvinnbart plastavfall blir nytta som energi i lokal, energiintensiv industri. Dette er mest energieffektivt, og i tråd med sirkulær økonomisk tenking, seier Karstensen i ei pressemelding.
Det vil redusera behovet for deponering og brenning og redusera bruken av ikkje-fornybare energikjelder og råmateriale i energiintensive industriar, og dermed også redusera utsleppet av klimagassar.
Les også om korleis nokre av dei største selskapa i verda vil hindre at plastemballasjen deira endar opp i havet: Frå plastversting til resirkuleringsgigant