Linn Skåber er nominert til Uprisen
Linn Skåber sine monologar til ungdommen er blant dei nominerte til årets beste ungdomsbok.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Dei nominerte bøkene tilhøyrer forskjellige sjangrar og alle viser originalitet innanfor sin sjanger. Bøkene tek opp viktige tema på ulike måtar og har blitt veldig godt likt av mange ungdommar på uprisen.no, seier nominasjonsjuryen i ei pressemelding frå Foreningen !les.
Prisen vert delt ut torsdag 23. mai under Litteraturfestivalen på Lillehammer.
Dei nominerte er:
- Sabotør av John S. Jamtli, Cappelen Damm
- Slepp meg av Kathrine Nedrejord, Aschehoug
- Den tolvte spelaren av Tor Arve Røssland, Samlaget
- Til ungdommen av Linn Skåber. Illustrert av Lisa Aisato, Pitch
- Bare spille ball av Michael Stilson, Cappelen Damm
Årets beste ungdomsbok
Uprisen vart delt ut for første gang i 2007 og er ungdommen si eiga kåring av den beste norske ungdomsboka som er utgitt året i førevegen.
Prisen vert arrangert av Foreningen !les i samarbeid med Norsk Litteraturfestival på Lillehammer og Den kulturelle skolesekken.
Foreningen !les er ein ideell medlemsorganisasjon som med støtte frå Kulturrådet og Utdanningsdirektoratet jobbar inn mot skulen for å fremja lesing. I tillegg til Uprisen deler dei ut Ungdommens kritikarpris og Bokslukerprisen.
Juryklassar frå heile landet
Nominasjonsjuryen er samansett av fem elevar frå ulike skular i landet. No skal sju juryklassar frå skular i Oslo, Hedmark, Buskerud, Akershus, Møre og Romsdal, Nordland og Oppland kome fram til vinnaren av Uprisen 2019.
– Bøkene vil garantert skape engasjement blant juryklassane. Det blir spanande å sjå kva dei meiner og kven som til slutt vinner Uprisen, seier prosjektleiar for Uprisen i Foreningen !les, Bjarte Bakken.