400.000 kroner i tilskot til nynorsk barnebokfestival

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tilskotet kjem frå kulturbudsjettet til fylkeskommunen, fortel bladet Sunnhordland.

Med eit tettpakka og mangfaldig program over nesten ei veke har den årlege festivalen sidan 2006 sett søkjelys på nynorske barne- og ungdomsbøker.

I fjor kunne festivalen skilta med heile 90 arrangement i ti kommunar. Begge delar var ny rekord, heiter det på nettsidene til festivalen.

Framtida.no var til stades på Falturiltu 2018, eit rekordår for festivalen. Les alle sakene derfrå her.