Vekas musikktips: Låta som gjer at gutar vil vere ein fin frøken

Jon Olav Sandal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vekas nykomar

Simen Mitlid – Saturdays

Simen Mitlid står bak tittelen som ligg øverst på lista over songane eg har bite meg merke i når 2019 er tre veker gamal. Låta heiter «Saturdays» og den er perfekt for dei av oss som føler på det vakuumet som nyttårsaftan etterlet seg. Dette meiner eg i all positivt forstand altså. Den er ei slags blanding av litt vemodig og trist, medan den gir kjensle av håp. Litt som eit nytt år gir. I følge artisten sine kanalar kan det verke som om dette er startskotet for eit album som skal kome seinare i 2019. Ei utmerka opning.

…den er perfekt for dei av oss som føler på det vakuumet som nyttårsaftan etterlet seg

Det eg likar best med «Saturday» er kontrasten mellom det ganske enkle grunnlaget som den akustiske gitaren legg, og den litt meir alternative vokalproduksjonen som også brettar set ytterlegare ut i refrenga. Dei meir alternative elektroniske elementa som blir med utover i låta er smakfulle og får ein til å ville høre songen endå ein gang.

Eg klarer heller ikkje å stoppe tankane mine frå å drifte mot den amerikanske artisten Danny Malone når eg høyrer stemma til Mitlid. Dei deler begge ein genuin nerve som er herleg skjør. Så om du setter pris på det du høyrer i «Saturdays», kan det vere ein idé for deg å sjekke ut Danny Malone også.

Vekas gæmlis

Coldplay – Yellow

Av og til har eg eit behov for å trekke meg litt tilbake, sette på Coldplay og kontemplere litt. I jula skjedde nettopp dette. Men berre for å vere heilt sikker på at ingen misforstår, så er det altså snakk om det gamle Coldplay. I perioden frå dei starta opp til dei var ferdig med å gi ut X & Y. Då dei fortsatt laga musikk som kunne vore med i TV-serien Greys Anatomy. Eg vil nødig at folk skal tru at eg går rundt å høyrer på Coldplay etter X & Y. Alt etter er jo som dei fleste av oss veit – litt tullete. Dei glei sakte men sikkert over i eit meir elektronisk landskap og låtane blei meir og meir tilpassa strømmeformatet. Det lytteformatet som i dag ligg som eit stramt band rundt kreativitetens hals.

Eg vil nødig at folk skal tru at eg går rundt å høyrer på Coldplay etter X & Y.

I lys av julas kontemplasjon vil eg gjerne drage fram «Yellow» i dagens lys. Den første singelen som Coldplay nokon gong gav ut. Ei skikkeleg låt som har noko den vil fortelle. Den er ikkje laga for å underhalde oss smarttelefon-folket, slik ein del av dagens musikk er. Denne låta har eit bodskap og eg undrar om det er derfor den fortsatt står som ei sterk låt, snart tjue år etter den blei utgitt.

Vekas slager-spådom

For vekas spådom har eg nok gått litt safe. Det er tid for ingen andre enn Gabrielle med superhiten «5 fine frøkner». Eigentleg meir ei påpeiking av ein slager enn ein spådom av ein. For er det ein ting som er sikkert, så er det at det blir goood stemning når den blir satt på. Låta som gjer at kva som helst slags gut skulle ønske at han var ein av fem fine frøkner.

Låta som gjer at kva som helst slags gut skulle ønske at han var ein av fem fine frøkner

Refrenget er bortimot umogleg å ikkje få på hjernen når du først har hørt den. Men det som festar seg aller best etter låta er ferdig er ikkje nødvendigvis refrenget. For kva er det Gabrielle syng halvvegs ut i andre vers? Club i dubbin? Club i duvvin? Club i Dublin?? HÆ? Og kva betyr det? Det er det som er det store spørsmålet i denne songen.

I alle fall for meg.

Her kan du høyre nokre av musikkperlene Jon Olav plukka ut i fjor.