Forskar: Noreg er eit fangstnett for plastavfall

Havstraumane gjer kysten av Noreg til eitt av dei meste utsette områda i verda når det gjeld plastforureining. Vest for Bergen er det funne opp mot 1.000 tonn.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Verst er det i Øygarden, Sund og Fjell som forskarar meiner har åtte gonger meir avfall per kilometer kystlinje enn gjennomsnittet på verdsbasis, skriv Bergens Tidende.

I rapporten kjem det fram at det i 800 viker og strender hopar seg opp plastavfall som driv inn frå sjøen. I 250 av vikene er det teikn på at plasten blandar seg med tong og planterestar og dannar jordvollar.

Les også saka frå NUPI Skole som forklarer det meste om plast: Kva er plast, kva er problemet, og kva gjer vi? 

70 forureina fotballbanar

Det totale arealet med strandsone som er forureina svarar til heile 70 fotballbanar, og mengda er på mellom 500 og 1.000 tonn

– Havstraummodellar viser at norskekysten nærast blir eit fangstnett for avfall. Ein del ­driv forbi og vidare nordover, men veldig mykje blir liggjande igjen langs kysten, seier Eivind Bastesen ved forskingsinstituttet Norce til BT.

Forskarane har brukt flyfoto for å få oversikt over kvar plasten samlar seg. I tillegg har dei drive feltarbeid saman med organisasjonar og frivillige.

Kartlegginga blir bruka som utgangspunkt for opprydding, samtidig som vidare overvaking over tid skal gi eit bilde på kor stort problemet er.

Les også: No kan du få pengar til å plukke søppel