Rekordmange valpekull for den trua fjellreven i 2018
Fjellreven fekk minst 58 valpekull i 2018. Det er den største talet sidan den nasjonale overvakinga av den trua arten starta i 2003.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Kulla vart registrert i 13 ulike fjellområde, mellom anna på Finse i Hordaland og på Saltfjellet i Nordland.
Dei fleste kulla vart registrerte i Snøhetta-området, der det vart fødd heile 15 kull. Bestanden her har gått frå å vere kritisk utryddingstrua til å bli Noregs største bestand av arten.
50 fleire enn i 2011
Også talet på fjellrevar som vart registrert ved hjelp av DNA-analysar, var rekordhøgt, ifølgje Norsk institutt for naturforsking (NINA). 50 fleire revar vart registrerte enn i det tidlegare toppåret 2011.
Det lever dermed minst 192 vaksne fjellrevar i Noreg.
Les også: 60 prosent av jordas dyreliv er utrydda
Sette ut kvalpar i nord
På Varangerhalvøya vart det sist vinter sett ut 27 kvalpar frå avlsprogrammet for fjellrev.
– Vi kunne kanskje forventa at det vart fødd fleire kull på Varangerhalvøya, knytt til utsettinga. Truleg vil vi sjå effekten til sommaren, seier seniorforskar Nina E. Eide ved NINA.
Forventar smågnagarår i 2019
Både talet på kull og storleiken på dei følgjer nemleg svingingane i bestanden av smågnagarar. I år med mange smågnagarar blir kulla av fjellrev mange og store.
– I sommar er det forventa eit toppår i smågnagarbestanden lengst i nord, seier Eide.
Faktaboks
- Fjellreven, også kjend som melrakke, kvitrev og polarrev, er ein liten reveart som held til i heile det nordlege polarområdet, lenger sør hovudsakleg i fjella.
- Bestanden har gått kraftig tilbake i Noreg i moderne tid, og er på raudlista rekna som kritisk truga.
- – Den fullvaksne reven er 45–67 cm lang med ein hale på om lag 30 cm i tillegg. Han veg mellom 2,4 og 8,0 kg.
Les meir på Wikipedia