Ny prisjeger-app kan gi pengar tilbake

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ideen til applikasjonen kom då faren kjøpte TV og etter nokre veker såg at det same produktet var billegare ein annan stad, fortel NRK.

Butikken hadde prisgaranti og dermed kunne far til Johannesen få mellomlegget tilbake.

Automatiserer krav

– Eg ville automatisera prosessen med å få pengar tilbake og laga noko som mange kunne bruka, seier Johannesen om appen «Tjommi».

Appen tar vare på kvitteringa di og varslar deg dersom vara blir billegare. Den kan også overføra pengar til kontoen din dersom du er villig til å gi frå deg delar av fortenesta.

Få brukar ordninga med prisgaranti

Undersøkingar gjort i andre land viser at få kundar brukar ordninga med prisgaranti. Forbrukartilsynet er positive til ein app som kan hjelpa kunden med det, så sant teknologien fungerer.

– Du går ikkje og leitar etter prisen på varer du allereie har kjøpt. Dei fleste er då nøgde og tenkjer på andre ting, seier Jo Gjedrem i Forbrukartilsynet. Han legg til at prisløfta først og fremst er marknadsføring frå butikkane si side. (©NPK)

LES OGSÅ: Har du råd til å bli 100 år?