Har du råd til å bli 100 år?

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 – Dei fleste nordmenn fødd etter år 2000 har meir enn 50 prosent sjanse til å oppleva sin 100-årsdag, seier James Vaupel, ifølgje Newswire. Han er ein av dei fremste ekspertane i verda på levealderutviklinga og leier instituttet for demografisk forsking ved Max Plank, ein av dei leiande forskingsinstitusjonane i verda.

Nordmenn er ikkje åleine om å bli så gamle. Vaupel og kollegaene hans reknar med at dei fleste land i Nord- og Vest-Europa vil få ei liknande utvikling.

Pensjonen kan ryka
– Skulle vi halda på dagens pensjonsregler, tyder det at annankvar nordmann vil vera pensjonist i over tre tiår, seier investeringsrådgjevar Richard Stott i Connectum til Newswire.

Om 40 år vil ti prosent av Noregs folkesetnad vera over 80 år, mot dryge fire prosent i dag, ifølgje Statistisk sentralbyrå.

– Kvar og ein av oss vil i større grad måtta sikra økonomisk armslag til eit godt liv. Elles risikerer du at økonomien din ikkje rekkjer livet ut, hevdar Stott, og rår folk til å investera pengane sine.

Faktaboks

Råd frå Connectum for betre økonomi som pensjonist:

• Investeringar er ikkje berre for rikingar
• Start i det små.
• Finn ut kor mykje rådgjevarane dine skal tena på deg
• Ikkje tru at du kan slå marknaden
• Ikkje avgrens deg til Noreg. Gjer som Oljefondet, spre investeringane over heile verda
• Ikkje få panikk når marknaden går deg imot. Hald deg til spareplanen/investeringsplanen din