Vinje-senteret «gjenopplivar» Dølen
I romjula kjem det nye Vinje-senteret for journalistikk og dikting ut med den første utgåva av meldingsbladet Dølen, kalla opp etter vekeavisa som Aasmund Olavsson Vinje gav ut frå 1858 til 1870.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– I bladet fortel vi korleis vi arbeider med å skape innhald i senteret, og vi presenterer vårt aller første vårprogram, som vil innehalde både dikting og journalistikk, seier direktør Per Magnus Finnanger Sandsmark i Nynorsk kultursentrum.
Diktaren og journalisten Vinje eksperimenterte i Dølen med det nye landsmålet som Ivar Aasen hadde laga basert på norske dialektar. Vinjes «Ferdaminne frå sumaren 1860» om kroninga av kong Karl 4. i Trondheim stod først på trykk i Dølen.
Byggjestart neste år
Stortinget, Vinje kommune og Telemark fylkeskommune har no banka gjennom løyvingar på til saman 31 millionar kroner til eit nybygg til senteret i Vinje i Telemark. Bygginga kan starte i 2019.
– Gitt av vi får finansiert innhaldet i senteret, er målet å opne bygget i 2020 og basisutstillinga i 2021, seier Sandsmark.
Vinje-senteret er organisert som ei eiga driftseining under Nynorsk kultursentrum, som òg driv Hauge-senteret i Ulvik og nettleksikonet Allkunne. Vinje-senteret arrangerer årleg festivalen Litteraturdagane i Vinje.
Etter å ha lese denne saka, er du garantert å få minst eitt poeng i vår Vinje-quiz!