Julekalender 20. desember

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dagens nisse er Sondre Hansmark. 23-åringen frå Askøy i Hordaland går inn i si andre jul som leiar av Unge Venstre og forlèt ikkje 2018 utan spor.

Med forslag om å fjerna juridisk kjønn frå offentlege register og å utvida retten til sjølvbestemt abort til veke 24, har han verkeleg sett dagsorden.

På landsmøtet i oktober vart forslaget hans nedstemt, til fordel for eit forslag om sjølvbestemt abort fram til veke 18.

Som ein god vestlending et han sjølvsagt pinnekjøt på julaftan. I tillegg har han ein annan juletradisjon som fleire sikkert kan kjenne seg att i:

– Det eine er at me speler masse piano på julaftan og syng jula inn. Det andre er at me alltid kranglar på julaftan, seier Hansmark.

Så om ikkje alt er julefred og ro i heimen – vit at du ikkje er åleine.

God 20. desember!