Unge Venstre vil ha fri abort fram til veke 18

Beate Haugtrø
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I dagens lovverk er det fri abort fram til veke 12, med moglegheit for abort fram til veke 18 i spesielle tilfelle. Etter veke 12 må ei nemnd beståande av to legar vurdere abort-spørsmålet.

– Det er heilt klart knytta problemstillingar til det. Men vi meiner det er kvinna sitt eige val, som politikarane ikkje skal blande seg i. Beslutninga skal bli tatt av enkeltindivid og ikkje av politikarane, sa leiar i Unge Venstre Sondre Hansmark i eit intervju med Framtida.no før avstemminga gjekk føre seg i helga.

Ville sette grensa ved når barnet byrjer å føle

Hansmark har skapt reaksjonar rundt sitt standpunkt om å auke grensa for fri abort fram til veke 24, med argument om at tidspunktet barnet begynner å føle, er i veke 24. I helga vart det 18, 20 eller 22 veker som vart stemt over.

– I nokre tilfelle tillèt ein abort i veke 22 i dag. Det blir rart for meg å seie at i nokre tilfelle er det rett, og i andre er det galt.

– Har du nokre tankar om at det kan vere meir skadeleg for mora å ta abort så langt ut i svangerskapet?

– Det kan godt hende at det er veldig vanskeleg for nokre som skal ta abort så seint. Det eg har framheva er at det er merkeleg at det skal vere greitt å knyte barnets overlevingsevne til abortgrensa, seier Hansmark.

Les også: KrFU stemte mot sjølvbestemt abort

– Resultat av drakamp på 70-talet

– Du har tidlegare sagt til NRK at å sette grensa på veke tolv er «eit slags politisk kompromiss som ikkje har noka rasjonell og moralsk grunngjeving». Kan du forklare det utsegnet?

– At veke tolv vart sett som ei grense, var resultat av ein drakamp på 70-talet. Men ein har ikkje knytt grensa til eigenskapar ved barnet. Vi har prøvd å gjere det no, seier Hansmark.

– Så beslutningstakarane hadde ikkje noko medisinsk grunngjeving for grensa på 70-talet?

– Eg har ikkje høyrt nokre gode medisinske grunnar til at grensa vart sett ved veke 12.

Grensa for når ein kan redde barnet endrar seg

Hansmark poengterer at da ein innførte grensa for 40 år sidan, kunne ein redde barnet i veke 28, og at ein no nærmar seg å kunne redde barnet i veke 22.

– Kanskje vil grensa i framtida gå enno lengre ned. Ein kan tenke seg at det kan endre seg til veke 10, og da er det ikkje eit regelverk som held seg godt over tid, meiner Hansmark.

– Uansett om ein kan redde barnet på eit tidlegare stadium, vil det vere ein skilnad for mora å ta abort i veke 10 samanlikna med i veke 18?

– Ja. Dei fleste ønskar jo å ta så tidleg som mogleg. Statistikken viser òg at dei fleste tek abort før veke 9. Det er ikkje eit ønske å ta så abort så seint som mogleg. Men det er ikkje eit argument for å sette den grensa så tidleg som mogleg, seier Hansmark.

Les også: AuF: Fri abort til veke 18 einstemmig vedtatt