Julegåvetips til den vesle bortskjemte

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 03.02.2020 10:02

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kaleidoskop

Ein klassikar frå barndommen som vil fascinera både store og små. Ulempa er at ein ikkje kikkar i han så mykje meir enn ein kveld og då vert det fort rift om gåva.

Kaleidoskop er ein klassikar som fascinerer både store og små. Foto: ﻯναოթ€ռ, Wikipedia

For deg som ikkje får kaleidoskop til jul er Youtube full av videoar, som denne to timar lange godsaken.

View Master

Dette er for den litt meir avanserte kikkaren som likar å drøyme seg bort i ei tidleg 3D-verd. Oppfinninga vart patentert i 1939, då det vart brukt til å sjå bilete av turistattraksjonar som Grand Canyon.

Den leikne kunstnaren Mab Graves har samarbeidd med View master om ei spesialutgåve med figurane ho kallar Dinokitty. Foto: Etsy.com

Seinare har det vorte eit populært leiketøy og den aller heldigaste ungen er den som får den leikne kunstnaren Mab Graves sine fantastiske Dinokitties med spesialdesigna rosa View Master!

Pop up-bok

Briten Robert Sabuda står bak nokre av dei vakraste pop up-bøkene som finst. Kjende forteljingar om Alice i Eventyrland, Peter Pan og det magiske Narnia får nytt liv med desse utruleg forseggjorde bøkene.

Desse bøkene er like mykje til glede for vaksne som for born!

Lydbøker generelt, Roald Dahl spesielt

Ingenting er betre enn lydbøker under juletreet. Har ikkje alle lytta til ein kassett frå 90-talet med Disney-forteljingar og eit tilhøyrande lite hefte? Hugsar de klimrelyden som indikerte at no laut du bla om til neste side? Barndom oppsumert.

No kan du gje gleda vidare! Særleg bra på lydbok er Heksene eller Georgs Magiske Medisin av Roald Dahl.

Framtida junior

Og om du kjenner barn i skulealder og har lyst på ei gåve som verkeleg varar, kan du jo alltids tinge eit abonnement på papiravisa Framtida junior.