Eli Kari Gjengedal gir deg juleveret
Blir det snø, sludd, regn eller is til jul? Her får du svaret.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
I dagens kalenderluke er vi så heldige å få prognosane for julevêret.
Det er nemleg Eli Kari Gjengedal som jobbar i TV2-vêret som gir oss dagens juletips.
– Du må høgt til fjells og langt nord for å få snø på julaftan, avslører ho.
Gjengedal fekk tidlegare denne veka Kringkastingsprisen 2018. I grunngjevinga frå juryen har Kringkastingsringen mellom anna løfta fram korleis prisvinnaren på klingande sognemål har meldt om regn, sol, sludd og frisk bris.
I 2009 song ho vêrmeldinga på melodien til Ola Tveiten på dialekt, og som del av markeringa av samane sin nasjonaldag i februar i år, imponerte ho med å framføre meldinga i sin heilskap på samisk.
Sjølv ser ho det som ei sjølvfølge å bruke si eiga dialekt, og ho er opptatt av mangfaldet i språket vårt.
– Det er viktig å ta mangfaldet på alvor. Det er like fint å bruke bokmål, som det er fint å skrive nynorsk, som det er fint å bruke samisk. Det viktige er at vi har fleire målføre både munnleg og skriftleg, seier Gjengedal til Framtida.no.
Og Gjengedal sitt ønske for 2019 er følgande:
– Eg ønskar at kvar sjel på denne kloden kan vere lite grann snillare med kvarandre. Då trur eg at jorda blir ein enda betre plass å leve.