Bragdprisen til Tone og Gjert Ingebrigtsen

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 17.12.2018 12:12

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Gjert Ingebrigtsen er ein sjølvlært trenar utanom det vanlege som gjerne tenkjer nytt og banebrytande. Han har skapt resultat som forundrar ei heil idrettsverd, og bidreg til å setja Noreg og Rogaland på det internasjonale idrettskartet, seier fylkesordførar Solveig Ege Tengesdal i ei pressemelding frå Rogaland fylkeskommune som deler ut prisen.

Ingebrigtsen har vore svært viktig for dei tre sønene sine som alle har teke medaljar i store meisterskap gjennom fleire sesongar, men den suksessrike trenaren blir også trekt fram som ein viktig trenar for unge talent utanom familien.

Les også: Rogaland reagerer på namnevalet Vestland

– Tone avgjerande

Tidlegare blei det gjerne sagt at det bak ein vellykka mann står ei sterk kvinne. Slik er det også hos familien Ingebrigtsen. Fylkesordføraren er klar på at Tone Ingebrigtsen har spelt ei viktig rolle for dei gode resultata mannen og dei tre sønene har oppnådd.

– Ho har ei avgjerande rolle som tilretteleggjar for suksessen, både på heimebane og når familien er på reise i inn- og utland, seier Tengesdal.

Det blir også peikt på at sjubarnsmora driv to frisørsalongar og at ho i mange år har vore hovudsponsor.

PRISVINNARAR: Tone og Gjert-Arne Ingebrigtsen blir heidra med Bragdprisen 2018 frå Rogaland fylkeskommune. Her frå idrettsgallaen på Hamar OL-Amfi i januar i år. Foto: Geir Olsen / NTB scanpix / NPK

God respons på TV-serie

Gjennom TV-serien Team Ingebrigtsen på NRK har heile Noreg dei siste to åra har fått innblikk i idrettshistoria og kvardagen til familien.

– Det har vore delte meiningar om Gjerts trenarmentalitet, men etter TV-serien har fleire uttrykt at dei har fått eit anna inntrykk av trenarfaren, som har fått mange positive tilbakemeldingar, seier Tengesdal.

Familiefaren og trenaren har også skrive bok om det å oppdra ein verdsmeister.

Meldinga om at ekteparet Ingebrigtsen blir heidra med Bragdprisen blei kunngjort under fylkestingsmøtet i Haugesund tysdag. Prisvinnarane hadde ikkje høve til å vera til stades på møtet. Prisen blir difor delt ut ved eit seinare tidspunkt, heiter det på nettsidene til Rogaland fylkeskommune.

Bragdprisen er ein honnør til ein person i Rogaland som har markert seg ut over det vanlege nasjonale eller internasjonalt. Sjølve prisen er ein statue og ein sum på 50.000 kroner.

Les også om Caroline Piasecka som fekk finansiert utdanning i USA med fektestipend:

Caroline Piasecka (til venstre) tok både bachelor- og mastergrad i løpet av fire år med idrettsstipend. Foto: Privat

Caroline Piasecka (til venstre) tok både bachelor- og mastergrad i løpet av fire år med idrettsstipend. Foto: Privat