Nynorsk kultursentrum utvidar i Vinje og Ørsta
Staben i Nynorsk kultursentrum blir neste år utvida med tre nye stillingar, ei i Vinje og to i Ørsta.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Utviding i Ørsta
Litteraturdagane i Vinje og arrangementa til Nynorsk kultursentrum i bokåret 2019 blir òg ein del av oppgåvene til den nye medarbeidaren.
Den som blir tilsett skal også vera med å byggja opp Vinje-senteret til ein nasjonal institusjon som formidlar dikting og journalistikk til ulike målgrupper.
Tilsetjinga er ein del av ei større utviding og omorganisering av staben ved Nynorsk kultursentrum. I tillegg til den nye medarbeidaren i Vinje, blir det oppretta to nye stillingar i Ørsta, ei som administrasjonssjef i Nynorsk kultursentrum og ei 80 prosent stilling som marknadsførar i Aasen-tunet.
I år feira Nynorsk kultursentrum 25 år! Kor mykje kan du om jubilanten? Prøv deg på quiz!
Ny administrasjonssjef
Gaute Øvereng (49) som dei siste sju åra har vore dagleg leiar i Ivar Aasen-tunet, er alt tilsett som administrasjonssjef i Nynorsk kultursentrum frå 1. april 2019, medan stillinga hans som dagleg leiar i Ivar Aasen-tunet blir lyst ut i desember med søknadsfrist på nyåret, heiter det.