Slik svara Hugh Grant på twerke-spørsmålet

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Etter at den franske DJ’en Martin Solveig spurte om historias første kvinnelege Gullballen-vinnar kunne twerke har ikkje internett stått stille.

Både tennisstjerna Andy Murray og mange andre Twitter-brukarar raser over det dei meiner er sexistisk behandling av Olympique Lyonnais-spelar Ada Hegerberg.

På Twitter posta Hugh Grant eit bilete av to gongar nobelprisvinnar Madam Curie og ektemannen og kollegaen Pierre Curie med teksta «But can you twerk?»

Meldinga har vorte delt vidare tusenvis av gongar. Fleire Twitter-brukarar har òg kasta seg på den historiske bølgja og postar bilete av historiske kvinner som flygar Amelia Earhart og franske Jeanne d’Arc.