Julekalender 9. desember

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Bak dagens kalenderluke finn vi ein skodespelar som snart er halvvegs inn i eit skoleår på Romerrike Folkehøgskole, og som vi ganske sikkert får sjå meir til i åra som kjem.

Emma Bones har i år vorte kjent som rollefiguren Camilla i TV-serien Heimebane på NRK. Camilla er dottera til den kompromisslause fotballtrenaren Helene Mikkelsen, spelt av Ane Dahl Torp.

Når Bones får spørsmål om sitt favorittnynorskord, så er svaret klart: Trynsleikja. Ordet er enno ikkje å finne i den nynorske ordboka frå UiB. Men kven veit, no skal jo ordboka blir revidert, og når dei kjem til bokstaven T, kan dei som redigerer ordboka kanskje vurdere eit nytt nynorskord?

Ifølgje Bones betyr ordet iallfall noko sånt som å kline.