Julekalender 10. desember
Et dei ribbe, pinnekjøt, eller noko heilt anna? I vår julekalender fortel kjente profilar om sine juletradisjonar, julegåvetips og kva ønskjer dei har for 2019.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Dagens kalenderluke skjuler ingen andre enn KrFU sin leiar, Martine Tønnesen. Då ho tok over vervet i fjor oppmoda ho politikarar til å tenkje langsiktig, «for generasjonane i framtida kan ikkje senda ein epost til notidas politikarar».
KrFU-leiaren har hatt ei spanande førjulstid med moderpartiet i regjeringsforhandlingar, men snart skal julefreden senke seg. Og då er det særleg éin juletradisjon som er viktig for Tønnesen:
– I min familie så går vi alltid rundt juletreet og syng første vers på minst ti julesongar før vi kan opne pakkane!
God 10. desember!