Ti millionar til utvikling av vidareutdanning i digital kompetanse

Regjeringa gir Fagskolen Rogaland, Fagskolen Tinius Olsen, Høgskolen Innlandet, Fagskolen Østfold, NMBU, NTNU og ÅKP AS pengestøtte til å utvikle fleksible vidareutdanningstilbod i digital kompetanse.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Regjeringa har starta opp arbeidet med ein kompetansereform, der målet er at ingen skal gå ut på dato på grunn av manglande kompetanse. Vi må tilpasse oss når arbeidsmarknaden endrar seg, og leggje til rette for at fleire kan jobbe med andre oppgåver eller i ny bransje. Fleire må få den faglege oppdateringa dei treng, seier kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner.

Les også: – Robotane må tilpasse seg oss menneske

Skal vere mogeleg å kombinere med jobb

Pengane til utvikling av vidareutdanning i digital kompetanse vart løyvd i revidert nasjonalbudsjett 2018. Vidareutdanningstilboda som skal utviklast dekkjer tema som programmering og robotisering i industrien, og korleis verksemder kan utnytte ny teknologi for forretningsutvikling, vekst og berekraft. Andre tema er cybersikkerheit, personvern, IT-arkitektur, 3D-modellering og kunstig intelligens.

Tilboda skal utviklast i samarbeid mellom høgskular, universitet eller fagskular og bedrifter og næringsliv. Det skal vere mogleg å kombinere vidareutdanningane med tilnærma full jobb, for eksempel gjennom inndeling i modular, nettbasert opplæring eller samlingar.

Prosjekta som har fått støtte held til i Rogaland, Buskerud, Møre og Romsdal, Hedmark, Akershus, Trøndelag, Østfold og Oppland.

Regjeringa har foreslått at det vert sett av 37 millionar kroner til å støtte utvikling av fleire slike tilbod i 2019. I tillegg kjem 30 millionar kroner til bransjeprogram for kommunal omsorgssektor og bransjeprogram for industri- og byggjenæringa.

Les også: Koding er ikkje «gøy», det er teknisk og etisk komplekst