Digitalt klasseskilje i skulen

Det er store forskjellar i den digitale kompetansen til lærarar, opplæringa elevane får i digitale verktøy og tilgang til digitale ressursar for elevane. Det kan påverke eksamensresultata, viser ny rapport.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Vi skal ikkje ha ein skule med digitale klasseskilje. Vi skal ha ein skule der alle elevane lærer å bruke og beherske digitale verktøy, og får moglegheit til å lykkast, seier statssekretær Rikke Høistad Sjøberg i Kunnskapsdepartementet i ei pressemelding.

Digital fordel

Forskarar ved Fafo og OsloMet har evaluert matematikkeksamen for 10. trinn i 2018. I ein ny rapport konkluderer dei med at eksamenen i all hovudsak verkar å vere både god og rettferdig, men dei finn samtidig store forskjellar i bruk av digitale verktøy i matematikkfaget. Dette meiner dei kan påverke eksamensresultata.

Forskarane vil ikkje konkludere i kva grad dei digitale fortrinna påverkar resultata av eksamen i år, men meiner det er sannsynleg at det har hatt noko å seie, også for karakterane som er gitt.

– I så tilfelle kan vi ikkje seie at eksamenen i år var fullt ut rettferdig, skriv forskarane.

Les også: Digitale læremiddel på nynorsk

– Vi må ta desse funna alvorleg

Statssekretær Sjøberg påpeiker at dagens læreplanar er tydelege på at elevane skal bruke og beherske digitale verktøy i matematikk. Med dei nye læreplanane som kjem i 2020 blir den digitale delen av matematikkfaget forsterka, og programmering kjem inn.

– Vi må ta desse funna alvorleg. Kommunane og andre skuleeigarar må sørgje for at matematikklærarane og dei som jobbar i skulen veit korleis dei brukar digitale ressursar for å støtte læringsprosessane til elevane. Det finst fleire ordningar dei kan nytte, blant anna har vi ordninga med desentralisert kompetanseutvikling. Vi har også ei satsing på vidareutdanning som gir lærarar moglegheit til å fordjupe seg i digitale verktøy i matematikkundervisninga, seier Sjøberg.

Les også: – Digitale hjelpemiddel kan hindre læring