Utsleppsgapet har blitt større

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

FNs miljøprogram UNEP la onsdag fram The Global Emissions Gap – ein årviss rapport som skildrar gapet mellom faktisk utsleppsutvikling og ei utsleppsutvikling som er i tråd med Paris-avtalen.

Hovudbodskapen, som liknar det FNs klimapanel kom med tidlegare i haust, er at klimagassutsleppa globalt må halverast innan 2030 om oppvarminga ikkje skal overstige 1,5 gradar.

Rapporten tek spesielt for seg G20-landa: Sjølv om dei nasjonalt fastsette klimatiltaka (dei såkalla NDC’ane) langt frå er nok til at Paris-avtalens mål vert nådd, er G20-landa ikkje eingong i rute til å innfri desse.

Om klimaambisjonane og -tiltaka ikkje vert skjerpa innan kort tid, vil G20-landas kollektive utsleppskurve framleis peike oppover i 2030.

Avgifter på fossil energi, auka fornybarinvesteringar og ein meir aktiv politikk er det som må til, oppsummerer The Guardian. Mens InsideClimate News nemner Noregs elbilsatsing som døme på politikk vi treng meir av.

UNEP er også innom innsatsen til byar og næringsliv. Meir enn 7000 byar og 6000 selskap har dei siste åra forplikta seg til å redusere eigne utslepp av klimagassar. Men effekten av dette, skriv forfattarane, er til nå svært avgrensa.

Artikkelen blei først publisert på Energiogklima.no.