Julekalender 3. desember

Et dei ribbe, pinnekjøt, eller noko heilt anna? I vår julekalender fortel kjente profilar om sine juletradisjonar, julegåvetips og kva ønskjer dei har for 2019.

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I år vart Endre Synnes Hagerup kjent som Nils i TV-serien Heimebane på NRK. Nils er den litt nerdete naboen til fotballtrenar Helena Mikkelsen og dottera hennar, Camilla. Den som har fulgt med, veit at rollefiguren Nils vart veldig sjarmert av den unge nabojenta, og var ein god støttespelar og nabo.

Hagerup går teater- og dramalinja på Volda vidaregåande. Visste du at da han stilte opp til audition i Heimebane, skrøna han på seg ei enorm fotballinteresse? Eigentleg har han null interesse for sporten, og da han var yngre og stod i mål på det lokale fotballaget, kunne han plutseleg vere å finne bak målet, der han stod og plukka blomar.

– Nesten som oksen Ferdinand!, kommenterte venninna Emma Bones, alias Camilla, da Hagerup fortalte Framtida.no om fotballkarriera tidlegare i haust. Intervjuet med dei to skodespelarane får du lese når vi kjem enno nærmare jul.

God 3. desember!