Julekalender 1. desember

Et dei ribbe, pinnekjøt, eller noko heilt anna? I vår julekalender fortel kjente profilar om sine juletradisjonar, julegåvetips og kva ønskjer dei har for 2019.

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Velkommen til første luke av Framtida.no sin julekalender!

Bak dagens luke er det serieskapar Kjersti Wøien Håland som gøymer seg. 30-åringen frå Høyanger har allereie rekt å gje ut fire bøker på Flamme forlag, og har med det sytt for harde pakkar under treet sidan 2013.

I år har ho allereie sytt for ei tidleg julegåve til alle Lovleg-fans, då NRK P3 i november stadfesta at det vert ein ny sesong av det populære nettdramaet ho har skrive om hybelbuarane på Firda vidaregåande i Sandane.

Det er difor berre å gle seg til å både sjå og høyra meir til Gunnhild og resten av Lovleg-gjengen over nyttår.

Vert det for lenge å vente kan du kose deg med Framtida sitt intervju med manusforfattaren så lenge. Du finn det her!