Nokre stereotypiar høyrer fortida til

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

«Kvinner bidreg mest til styrerommet når dei skjenker kaffi.»

«Likestillinga har vel eigentleg gått altfor langt.»

«Jenter er ikkje morosame.»

Høyrt nokre av desse påstandane før? Den globale bistandsorganisasjonen Care skal samle desse og fleire til, og plassere dei der slike utsegn høyrer heime. I eit «Museum for forhistoriske haldningar».

Språk er makt

– Formålet med kampanjen er å rette søkelys mot kjønnsdiskriminerande haldningar som framleis eksisterer. Språk er makt, og måten vi snakkar om jenter og kvinner på betyr mykje, seier generalsekretær i Care, Gry Larsen, til Kampanje.

No oppmodar organisasjonen alle til å sende inn sine nominasjonar på sosiale medium, under emneknaggen #forhistoriskeholdninger.

Ein jury skal så kåre ei utsegn som får den litt tvilsame æra av å vere «den mest forhistoriske haldninga». Vinnaren vert stilt ut på Kulturhuset i Oslo når museet opnar fredag 29. november.

Sjå kampanjevideoen her: