Vestland nærmare eit fylkesvåpen

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

“Fjord og fjell” er det beste forslaget til fylkesvåpen for det nye Vestland fylke, meiner fagkomiteen som no har vurdert forslag frå fem designbyrå pluss ein “folkefavoritt”. Foto: Vlfk.no

– Forma er god, og det er eit enkelt, men sterkt våpen, meiner fagkomiteen om sin favoritt.

– Det er eit klassisk heraldisk motiv med historiske røter, samtidig som det er moderne. Fargebruken er tilpassa motivet, og det grøne gir gode assosiasjonar til det velkjente frodige landskapet på Vestlandet, meiner komiteen.

Komiteen har i tillegg trekt fram tre andre forslag som dei meiner kan eigne seg, eitt med stiliserte kvite bølgjer på blå bakgrunn og to i grønt og kvitt, som skal gi assosiasjonar til kystlinje og fossefall.

Les også: Namnet «Vestland»: Ein siger for lokaldemokratiet?

Folkefavoritten vart nedstemt

Folkefavoritten, som vart kåra etter ei nettavstemming i haust, var òg med i vurderinga, men den nådde ikkje opp i denne runden.

No er resten opp til fellesnemnda for samanslåingsprosessen og fylkespolitikarane i Hordaland og Sogn og Fjordane. Fylkestinget i Sogn og Fjordane gjer vedtak i saka 4. desember, mens fylkestinget Hordaland kjem etter 11.–12. desember.

Det nye fylkesvåpenet skal takast i bruk når dei to fylka blir slått saman til Vestland fylkeskommune 1. januar.

Les alt om regionreforma på Vestlandet her!

Kva fylkesvåpen bør gå av med sigeren?

Foto: Vlfk.no

Kva er det beste alternativet til fylkesvåpen?

Kva er det beste alternativet til fylkesvåpen?

A124
B59
C21
D32
Svar totalt: 236